onsdag 31. desember 2014

Mimre over eit fantasitsk år.

Er heime igjen etter nokre flotte dagar i Sogn hos mor og far. Fantastiske julegavar og familietid. 
Eg fekk nydelege gavar frå Lene Bjerre, parfyme frå Marc Jacobs, kle frå Filippa K og Arnie Says, designletter kopp, lommebok frå  Louis Vuitton, dunjakke frå peak performance, Johaug hanskar, eggkokar, vin, bøker, sengesett, skåler og klutar. Heilt vanvittige gavar og ei meget sjokka jente på julafta! 

Deileg å vakne til ferdig mat, komme til duk og dekka bord. Veldig god oppladning før eit nytt år med mykje god mat, spel og glede. Det var også store mengdar snø og heilt fantastisk for julestemningen. 

Jul handlar for meg også om sorg. Vesle guten min skulle vore 3 år denne jula, men eg må besøke han på grava. Han er alltid med meg og det er utruleg godt sjølv om eg ikkje ser han.

 Sorgen er der alltid og jula for meg blir eg ekstra minna på det tomrommet, men sorgen er likevel ikkje så tung som den var for tre år sidan. Sorg går i ulike fasar. Det er godt å kjenne at ein smiler ekte igjen, at ein kan la seg sjølv få lov å vera lykkeleg igjen. 

Når eg gjekk inn i 2014 var eg bestemt på at dette var mitt år og det blei det. Enormt mykje bra, men tre ting er verkeleg høgdepunkt.
- Møtte verdens beste kjæreste. 
- Blei sambuarar.
- Ny fast jobb som Personleg Trenar. 

Noko som forandra mitt liv til noko eg trudde var umuleg. Dette året har gjort meg lykkeleg og eg er utruleg takknemmeleg for å kunne kjenne på denne lykken og gleda i livet. At ein oppnår det ein jobbar hardt for. 

Sjølv om 2014 var mitt år, er eg heilt sikker på at 2015 blir enda betre. Eg gledar meg til å starte det nye året og gledar meg til fleire glutenfrie nyheitar som feks hatting og Baker Hansen
Å leve med cøliaki blir stadig betre og betre og er ikkje problematisk slek det ein gong var. 



Gledar meg til alt 2015 har å by på!! La det bli nok eit fantastisk år. Takk for det gamle, ønskjer deg og dine eit riktig godt nytt år! 


fredag 28. november 2014

Bagel & Juice..

Har lenge hatt glutenfritt, glutenfrie smørbrød. Veldig godt med spennande pålegg på. 
 Dei er flinke på å spørje om eg har allergi eller om det kan steikas i same som vanleg. Ettersom eg har cøliaki kan det jo ikkje det, minusen er at det blir litt tørrare så velg saftig pålegg. Fordelen er jo at eg ikkje blir dårleg. EG kan ikkje anna enn å like at den kunnskapen er på plass der. Kjekt med god og trygg mat. 
 


Vær obs på at dei ikkje varmar brødet. Då det ikkje blir glutenfritt lenger ettersom dei varmar dei i same ristar som glutenholdige. 


Direkte til nettsida deira  HER.

lørdag 22. november 2014

Førjulstida som englemamma.

Førjulstida har dei siste tre åra vore spesiell. I dag er det ein månad til ein frisk gut kom stille til verda for tre år sidan. Det er meir av dei gode enn dei dårlege dagane, men førjulstida bringer likevel fram sterke minner. Eg er heldig som har ein unik støttespelar med meg denne jula. Det å bli forstått i denne tida og samtidig ha tid til å sørge og føle på tapet er utruleg godt. Sjølv om det har gått tid sidan den brutale dagen vil han alltid være med oss. Livet eg har i dag er fantastisk, men eg har ein gut for lite med meg i kvardagen. Og savnet er stort uansett kor lenge det er sidan. Eit tomrom som er umuleg fylle. 

Idag var me på juleshopping. Me kom heim med ein litan engel som skal være med oss som ekstra minne inn i førjulstida i år. 

 I tillegg fant eg to nye skattar til grava hans. 

Trist at julegavnae til veslegut blir gravpynt, men han er med oss samtidig som han minner oss på kor skjørt og verdifullt livet faktisk er. 

Takk for at akkurat eg fekk bli din mamma. Sjølv om eg gjerne skulle fått meir tid med deg er eg i dag taknemmeleg for å få være englemamma. Du har lært meg livets brutale side, men du er og blir min største styrke. 



mandag 1. september 2014

Kokoslatte og ny kaffemaskin..

I helga blei det ny kaffemaskin frå Nespresso. Slik at eg kan drikke kaffevariantar som er litt sunnare enn dei ein får ute.

Heilt fantastisk kaffemaskin. 

Eg jobbar fortsatt med å kvitte meg med alle melkeprodukt i kostholdet og har endeleg ein kaffelatte som kroppen jublar over. Kokoslatte som lagas på kokosmelk og nespresso roma kaffe. 

Så idag blei det ein fantastisk start på dagen med dagens Aftenposten og kokoslatte.



onsdag 27. august 2014

Squash pasta og kjøttsaus.


Ettersom kroppen responderar dårleg på det meste av mat for tida har eg blitt anbefalt å gå tilbake til steinalderen og paleo inspirert kosthold. Dette i håp om ein stabil mage og betre form. 
I det siste har kostholdet vore elendig. Det har gått i trøste eting som søtt og usunn mat når formen er dårleg. 

Eg har prøvd lese meg litt opp og starta med å finne ut av kva eg ikkje skal ete og kva eg skal ete. Det er vanskeleg å setje seg inn i alt. Det vanskeligaste eg skal kutte er melkeprodukta som eg er avhengig av. Norvegia, kesam, cottage cheese og sjokolade er mine største utfordringar som skal bort. Carvar allerede denne første dagen etter norvegia. 

Men for første gong på lenge har eg ete middag utan mageverk. Om dette er tilfeldig eller kostholdrelatert vil eg finne ut av etter kvart. 

Min første middag på denne nye livsstilen blei squash pasta og heimelaga kjøttsaus. Dette smakte kjempe godt og er heilt klart eit godt alternativ til glutenfri pasta når ein unngår mage smerter. 




søndag 24. august 2014

Saftig glutenfri eplekake!


Å bake glutenfritt er ikkje så utfordrande lenger som mange trur. Ein må ha gode oppskrifter og resten går (stort sett) som ein leik! Eg handla meg ein kasse med norske epler og måtte sjølvsagt lage ei eplekake av nokon av dei! :)
 Her skal eg dele min favoritt eplekakeoppskrift med dykk:

4 stk. epler
5 ss. sukker
2 ss. malt kanel
200 gr. mykt smør
200 gr. sukker
4 egg
1 ts. bakepulver
200 gr. lys melblanding
2 ss. perlesukker

Skrell eplene og fjern kjernehuset og del dem i tynne båter. Ha eplebåtene i en plastpose og tilsett sukker og kanel, rist godt slik at sukker og kanel blir godt fordelt på eplebåtene.


Forvarm ovnen til 180 grader.
Pisk smør og sukker lyst og luftig med en mikser.


 Tilsett eggene, ett om gangen

  og pisk godt mellom hvert egg.

Sikt mel og bakepulver over røren og vend det forsiktig inn i deigen.

 Fordel halvparten av røren jevnt i i en rund kakeform 24 cm.

 Stikk halvparten av eplebåtene ned i deigen.

 Fordel resten av deigen i formen

 og stikk de resterende eplene ned i deigen.
 Strø til slutt over et jevnt lag med perlesukker og hakka mandlar.

 Stek kaken midt i ovnen ved 180 grader i ca. 50 minutter
 (eg måtte ha kaka i 1 t og 10 min før den var gjennomsteikt)

Kaka var supersaftig og smakte nydeleg! :)))
Eg anbefalar denne på det sterkaste, smeltar på tunga! ;)
Her med vanilje is og vaniljesaus! :) Smeeeelt! :)))

søndag 17. august 2014

Meir allergi..

Den siste tida har det vore stort mangel på energi. Treninga har ikkje gått som planlagt og no i det siste fekk eg brått enorm hovudverk og enormt med raude utseltt over heile kroppen saman med influensa følelse. Det føltes som bihulebetennelse og formen har vore elendig. Etter ein tur på legevakta var tilbakemeldingen klar, meir allergi. Så no ser det ut som om eg ikkje tåler hund også. Så ein prednisolon kur og allergi medisin roa det heile ned og huda er ugjenkjenneleg. Heldigvis. 

Så eg er svært usikker på kva eg ikkje reagerar på for tida. Har bestemt meg for å finne nokon som kan gi meg eit konkret svar på kva eg må holde meg unna og kva eg kan ete/ være i nærheita av.  Eventuelt kva forhånds reglar eg må ta i kvardagen for å unngå slikt igjen. Men eg er svært usikker på kven som kan hjelpe meg med å sjekke alle formar for allergiar. Er derfor på jakt etter alt av tips og erfaringar rundt dette. For min del må eg finne eit svar på alt for å unngå allergiske reaksjonar så ofte. For kroppen blir så utruleg sliten og tappa når ein heile tiden har allergisk reaksjon. 

Den eine dagen reagerar eg på noko som neste dag kan gå fint. Så eit endeleg svar på kva eg er sensitiv for å kva som går fint er eg no på jakt etter. Veit det fins blodprøvar som kan sendas ut av landet der ein får ei smørbrød-liste på kva ein tåler, kva eg skal vera forsiktig med og kva som er bra for ein.

Så har du tips eller erfaring gi meg gjerne tilbakemelding på personleg melding :) 

Ønskjer dykk ein strålande søndag. 


fredag 15. august 2014

Glutenfritt på Prima Fila, Oslo


"Kvalitet er nøkkelen til all suksess, og vi vil at gjestene våre skal få det aller beste. Stikkord er ferskt og godt fra de beste produsenter. Vi importerer mye fra Italia, både råvarer og vin, og filosofien er at kvalitet ikke behøver å tømme lommeboken."
Etter tips om att prima fila skulle være bra, måtte eg sjølvsagt teste denne plassen ut! :)
Og ho som har testa denne plassen ut for glutenfritt har absolutt rett. 
Til ein forandring kunne eg bestille pastarettar, og då valgte eg denne:
Utruleg god, og veldig mettande til berre 159,- 
Så her kjem eg nok til å ta turen fleire gonger.. :) Dei har også glutenfri pizza! :)
Så att kvalitet ikkje behøver å tømme lommeboka er rett på denne resturangen! ;)
Du finn det på Fritjof Nansensplass 5 i nærheten av rådhuset! :)
Meir info og meny finn du 
Anbefalas! :)

Glutenfritt på Borggården Biffresturant


I førre veke testa eg borggården, biffresturant med limosin kjøtt. Har fått gode anmeldelsar av aftenposten og DN.
Vanlegvis får eg ikkje glutenfritt ventebrød, men her var det sprøsteikt glutenfritt brød med pesto. FANTASTISK!! 
I tillegg var alle sausar glutenfrie ettersom alt var heimelaga og med gode råvarer. Biffen var heilt fantastisk og potetvalga var ikkje problem.


 
Crème Brùlèe var heilt magisk og smelta på tunga.


 
Skal du ha eit godt glutenfritt biffmåltid anbefalar eg Borggården som eiges av same eigarar som Prima Fila. Ligg ved rådhuset, nærmare bestemt Fritjofnansenplass 5 og er ein litan sjarmerande resturang med triveleg og kunnskapsrik betjening.
Servitøren kunne fortelle at det var økande antall gjerster som skulle ha glutenfritt og dei måtte derfor kunne tilby god mat til alle. 

Glutenfritt på Bugges, Markveien


Her har dei glutenfrie alternativ som er veldig gode. 
Eg valgte gultenfri burgar med potetbåtar og aioli. Burgarkjøttet var heimelaga og falt i god smak.
Anbefalas verkeleg. Denne sjarmerande resturanten ligg nederst i markveien på Grùnerløkka. 

Glutenfritt på Spis, Grùnerløkka


 Glutenfri brødmat og kyllingsalat med heimelaga dressing.
Kjempe godt og virkeleg til å anbefala.
Resturanten Spis finn du på Grùnerløkka her i Oslo, Olaf Ryes plass.
Spis hadde merka dei glutenfrie rettane med "glutenfritt alternativ".
Dei tilbyr også glutenfri fiskesuppe, hamburgar, lakseburgar og krabbeburgar.  
 

 Her var det god service og kunnskap så her kan du her ete trygt i trivelege omgivelsar.
Kunnskap og tryggheit på glutenfritt er alltid ein glede for ein cøliakiar.

torsdag 14. august 2014

Carolines havrerundstykker


Å starte dagen med havregraut er heilt klart noko eg blir lei av i lengden. Derfor har eg no laga havrerundstykker som eit sunnare alternativ til brødmaten.
Desse er utan gluten, melk, gjær og sukker.
Laga dei til min familie i helga og den blei godt motatt. Mor starta allerede baking av desse når ho kom heim så desse er nokon som lett fell i smak.

Du treng:
100 g havremel/malt havregryn
2 egg
1 eggekvite
5ss vann
1ts bakepulver
60 g havregryn
  1. Mal havregryn til havremjøl med 2 egg, 1 eggekvite, 5ss vann og 1 ts bakepulver.
  2. Lag ei jevn røre, eg brukar stavmiksar. 
  3. Tilsett 50-70 g havregryn alt etter konsistes, eg brukar 60 g. 
  4. Sett rundstykka på bakepapir med spiseskei.
  5. Steikas på midterste rille 225 grader i ca 15 minutt til dei er gylne under. 


mandag 4. august 2014

Biorytme-livsstil..

Den siste tida har energien dalt veldig, dette pga dårleg mat og lite kcal. Som har resultert i uønska vektnedgang. Så eg og kjæresten har begge invistert i kostholdsplan frå fantastiske Lisa. Planen er laga ut frå biorytme prinsippa til Børge Fagerli, noko eg lenge har ønska prøve. Så fredag var me i gang. Eg var så topp motivert og måtte starte med ein gong. Søndag unna me oss ein tur ut å ete samt litt snop før den nye livsstilen var eit faktum. Så i går starta den nye livsstilen, me såg begge at det var mykje mat. Og litt oppgitt over all maten som skal ned i løp av ein dag. Nesten dobbelt så mykje som det har vore i det siste på oss begge. 

Gårsdagen var fylt med mykje mat og eg var rett og slett litt slapp. Mager var full og det gjekk alt for kort tid mellom siste måltid og senga. Så dette lærte me litt av. Idag var eg lys vaken klokka 5 på 6 og klar for å tilbrede dagens lunsj, mellommåltid og frokost samt lese nokre sider i ei bok eg for tida knapt kan legge frå meg. Så hærleg med god tid på morgonen!

Eg kan allerede merke at energien stig i kroppen og for første gong kunne eg alt i går løfte meg sjølv på doorgym som eg har heime i døråpninga. Min første chins på doorgym! Det var morro det. Samtidig kjenner eg at treningsgleden er på veg tilbake og det er ubeskriveleg godt. No gledar eg meg berre til å være ferdig på jobb for å heim og tilbrede middag før dagens styrke økt skal gjeras. Treningsprogramet framover er to splitt styrke og intervallar saman med reint og sunt kosthold etter Børges prinsipp. 

Dette som no er min nye livsstil kan du lese meir om her.

Eg kan allerede sei eg elskar biorytme livsstilen og eg trur jammen eg har funne ein livsstil som er tilpassa meg. Kroppen jublar av all maten og nyt verkeleg det å ha nok energi i kroppen!

 

fredag 11. juli 2014

Dagens kosultasjon på Rikshospitalet.

I dag var det ny konsultasjon på Rikshospitalet ang. forskningen. Under første besøk tok eg ein del blodprøvar. Etter nokre dagar fekk eg svar og bilirubin nivået var for høgt. Så ein ny runde med blodprøvar for å kartlegge kva dette var, men heldigvis var det den heilt ufarlege gilbert syndromet. 

Men under dagens konsultasjon fekk eg også svar på gastroskopien som var tatt på Ullevåll sjukehus igjen. Den var heilt fin og ingen tegn til cøliaki på tarmtottane. Dette vil sei at kostholdet er 100% reint og glutenfritt nok til at tarmane har bygd seg opp att. Fantastisk følelse, men samtidig litt synd å ikkje kunne være med vidare på forskningen. For det er utruleg spennande og hadde vore moro vore med på. 

Sjølv om tarmtottane er for friske til å være med på forskning skal eg no under utredning på tarmane og gjennom kolonoskopi for å sjekke ut cøliaki symptoma. I tillegg skal eg etter kvart til ein samtale med ein klinisk ernæringsfysiolog på Rikshospitalet. Han ville ikkje gi seg før han fant forklaring på mageproblema.  Ettersom eg hadde stilt opp på forskningen ville dei no hjelpe meg uansett. 

Så sjølv om eg ikkje er med i forskningen er det andre som er med. Dette er eit enzym som dei veit fungerar og tenk om det virkeleg blir slik at me kan ete normalt ved ein tablett/pulver/sprøyte og sleppe ubehaget ved inntak av gluten. Draum for oss med cøliaki som kan bli virkeleg om nokre år. Fikk vite at det foregår mykje forskning rundt dette. 

Har du fortsatt plagar med cølaikien anbefalar eg deg å sjekke om du kanskje kan vera med i forskninga.
Meir informasjon finn du her.

tirsdag 8. juli 2014

Potetene skal bli...

...lomper.
I går prøvde me oss på lomper, men kan ikkje sei dei vart 100 % vellykka sjølv om dei gradvis blei meir og meir lomper. Trur me har funnet ut av feila og eg gir ikkje opp, men prøver i mindre posjon for å sjå. Har heilevegen ønska ei god sunnare lompe oppskrift, men føler endeleg eg har funne oppskrifta. For smaken var fantastisk, også skal dei etter kvart skal bli sjåande like bra ut som dei smakar. Har heiletiden sakna lompe variant som er god etter at eg fekk cøliaki. Nettopp for det er så mykje bra ein kan lage av det. Eit glutenfritt alternativ til spelt lomper.
 
Så oppskrifta er klar, men med justeringar håpar eg den vil sjå bra ut også. Fordi eg har masse gode ting eg kan bruke desse lompene til om dei berre blir litt betre utsjånad og tynnare. Største feilen var nok at eg konkte potetene utan skal. Så trur eg må prøve meg på å koke dei med skal, før eg skreller og lager røra. Følg med å sjå korleis det går.
 
Prøving og feiling er det som må til for å få eit bra resultat på nye ting.
 

søndag 6. juli 2014

Pannekaker!


3 dl glutenfri kakemix frå Toro eller Semper mix
1/2 ts Salt
2 Egg
4 dl Melk/Vann

  1. Bland alt det tørre-
  2. Egg og melk piskes i.
  3. La røren stå å svelle i ca 1 time, før de stekes.
Så godt så enkelt.

lørdag 5. juli 2014

Grove rundstykker!



1 pk gjær
6 dl melk ( eg brukar laktosefri)
50 gram tine meierismør
2ss fiberhusk (flate)
1 ts salt
1 ts bakepulver
75 g hvitost
1 dl odelia olje
550-600 g mix med fiber, semper
Egg til pensling
eventuelt sesamfrø til pynt

  1. Smelt smøret, hell væsken over og varmas til 37 grader.
  2. Rør inn fiberhusk og løys opp gjæren, la stå i ca 10 min.
  3. Hell mjøl, salt og bakepulver i bakebollen, blandas lett. Tilsett væska.
  4. Ha i revet ost til slutt.
  5. La kjøkkenmaskinen gå til deigen er smidig og lett å arbeide med. ca 10 min.
  6. Forheves i ca 30 minutt.
  7. Enkel bake ut. Rullas i handa.
  8. Etterheves i 30 min.
  9. Penslas med egg og eventuelt sesamfrø, solsikke (alt etter ønske)
  10. Steikas midt i ovnen ved 250 grader i 10 minutt.

Smakar aldeles nydeleg!  Eg har ein pose oppe i 3 dagar utan att dei er tørre. Kjempe saftige.

fredag 4. juli 2014

Glutenfrie havrebrød

Fekk i går ein ny variant av havrebollar som blei havrebrød. Og dei er ein heilt klar favoritt om dagen. Kjempe gode og supert alternativ til å ete sunt samtidig som ein får brødfølelsen. Perfekt som niste, frokost og til salat. Mitt favorittbrød, godt for magen og held meg lenge mett.


Per skive:
 51 kcal  
3,2 g protein
 5,8 g karbohydrat 
1,6 g feitt.


Ca. 6 skiver 


50 g glutenfritt havremjøl (glutenfritt havregryn males til mjøl)
1-3 ss (35-75g) mager  laktosefri kesam (kan eventuelt bruke vanleg kesam)
1 egg
1 ts bakepulver
ca 1ss vann*
litt salt
*kan sløyfes

  1. Mal havregryn til havremjøl.
  2. Blandas saman. (eg brukar stavmiksar på alt) 
  3. Legges på bakepapir med sleikepott.
  4. Steikas i bakarovnen på 200 grader i 10-12 minutt på midterste rille.
  5. Skjæras opp med pizzahjul til passe store skiver.


(På bileta er oppskrifta dobbla)





tirsdag 1. juli 2014

Søtebollar!



Eg har også testa ut kringler, putta sjokolade og vanilje inni for å få litt forandring (samme deig)! :) Absolutt til å anbefale sjølv om hevinga tek tid! :)

Ca. 20 stk

250 g.  smør/margarin
6 dl   melk
50 g    gjær
1 ss  fiberhusk
2 egg ( 1 til pensling og 1 i deigen)
180 g.  sukker
1 ts  bakepulver
1 ts  kardemomme
2 pk semper glutenfri mix
1 pk piano vaniljekrem
Fremgangsmåte:
  • Smelt smøret og tilsett melk slik at væsken blir fingervarm 37 grader.
  • Løs opp gjæren i væsken.
  • Visp inn fiberhusk og la den svelle i 5-10 min.
  • Rør inn egget og alt det tørre. Tilsett litt og litt. Bruk kjøkken maskin så deigen blir eltet godt!
  • La den heve tildekket i 2-3 timer.
  • Ta deigen ut på bakebordet og kna den godt. Bruk eventuelt litt mer mel om nødvendig.
  • Del deigen i 20 emner, trill bollene runde og trykk flate.
  • Legg en ss vaniljekrem i midten og brett deigen rundt.
  • Etterheves i 25 min.
  • Pensles med egg.
  • Stekes på 220 grader i ca 10-15 min på midterste rille.
  • Avkjøl på rist!
Flotte å fryse! :)

mandag 30. juni 2014

Sunn glutenfri protein pizza..

Eg lagde pizza bunn av dette (til langpanne):
6 ss Cottage cheese
3 ss Proteinpulver( kan bytte ut med soyamjøl, mandelmjøl eller bokkveitemjøl)
3ss vatten
3 egg
1 ts bakepulver

Rør alt godt saman. Legg på bakepapir med sleikepott.



Steik i 5-10 min, til den er gyllen.
Ta ut og legg på fyll.

Fyllet eg brukte:

kalkunskinke
tomatpurre
ost
chilli
kvitløk
oregano
timian
basillikum

Etter alt fyllet er på legg tilbake i ovnen og steik i nye 10 min(til osten er gyllen).


Smak til med salat og kesam.
Heilt fantastiskt sunt alternativ til pizza.


fredag 27. juni 2014

Lyse bollar/fletteloff med valmuefrø! :)


4ss tine meieri smør
1 l. melk (eg brukte laktosefri melk)
2 pk gjær
1 1/2 ts salt
1 1/2 ts sukker
2 egg
180 gr. jyttemel
egg til pensling og valmuefrø

  •  Lunk melka
  • Rør ut fiberhusken og gjær i noko av melka.
  • La dette svelle i 5-10 minutt
  • Varm opp melk og bland alt i kjøkkenmaskina.
  • Elt og ta i mjølet, litt etter litt.
  • Stopp etterkvart som deigen løsnar frå bakebollen.
  • Deigen hevas på lunt sted i ca. 30 minutt
  • Bakas ut, enkel deig å jobbe med. Eg brukar glutenfri mix til utbaking.
  • Etterhevas i 15-30 min.
  • Penslas med egg og pytas med valmuefrø.


Stekes ved ca 225 grader i 10-15 min.

Tips: Denne deigen kan også brukas til pølsebrød/hamburgerbrød (ved å bruke litt sesamfrø istaden for valmuefrø og unngå egg til pensling.

PS: Er best bakst dagen, som stort sett all bakst er. Kan frysas ned, men blir fort tørre så anbefalar  fryse i små posjonar.

torsdag 26. juni 2014

Er i dag sertifisert Personleg Trenar

Fekk i dag svar på skrifteleg eksamen i Personleg Trenar utdanninga og det blei ein B. Godt nøgd med denne, då mage følelsen var stryk. Så feil kan man ta, eksamensnerver tullar verkeleg med ein. Så idag er eg offesielt sertifisert Personleg Trenar. Veldig rart, men samtidig veldig kjekt. 

Vil i nermaste framtid motta EHFA (European Health and Fitness Association) sertifiseringa mi.
Utruleg kjekt og litt rart vera PT Caroline. 
Kom heim frå jobb til nyvaska leilighet og blomster av mor som er på besøk, kjempe koseleg.



Fiberhusk!



Glutenfri fiberblanding. Dette er vannoppløyselege fiber frå ei plante som heter Psyllium Husk. Brukas til baking for å gjere deigen fyldigare, meir fiberrikt og holdbart. Med fiberhusk bakar du saftige, glutenfrie brød. Den sug opp væske og blir til ein mjuk gelè. Dette bind deigen saman og gjer at den er lettare å arbeide med slik at det ferdige brødet smuldrar mindre.

Brukas i gjærdeig for grovere brød og er bra for tarmene.

onsdag 25. juni 2014

Bondebrød

(Bilete er av brød til heving, vært gylne og ser ut og smakar som glutenholdige brød!)
ca. 3 stk

12 dl Skummet kulturmelk/melk/vann
 50 g  Fersk gjær/tørr gjær   2 ss Sirup   3 ss Fiberhusk   1 dl Olje   1 ts Salt
   2 pk Semper glutenfri mix med fiber( bytt dette mellom grov og fin etter ønskje) 
           mel/olje til utbaking
Tips:
Tips:


400 gr. Finax grov

Steik ved 200 grade i ca 40 min på nederste rille.
  • Varm vesken til 37 grade. Tilsett gjær og sirup i væsken og rør til gjæren er oppløst.
  • Visp inn fiberhusk og la svelle i 5-10 min. 
  •  Bland inn olje, salt og mel. Elt deigen godt i kjøkkenmaskin. 
  •  Heve lunt til dekket i ca 30 min.
  • Legg deigen på bakebordet og elt inn mel til passe konsistens. Bak ut til ca 3 passe store brød. La etter heve i ca 30min.
  •  Pensle med vann, dryss litt mel over og stek brødene som angitt over.     La kjøle på rist.
Egnes godt til frysing!
Kan varieres med å bytte ut litt mel med solsikkefrø, linfrø, havregryn osv. etter eget ønske! :)

tirsdag 24. juni 2014

Konfekt proteinbar med valnøtter


Denne proteinkonfekten er berre heilt magisk!! 

Du treng:
30 g Sjokoladeproteinpulver (eg brukar tommi nutrition)
Valnøtter
Stevia toffee
Stevia sjokolade*
Vann
*kan sløyfes


Bland alt til ein seig og tjukk deig(du skal kunna trille den). 
Bruk litt vann på hendene til å forme deigen. Trill den til ei pølse og klem ned. 
Pynt med litt valnøtter og legg i frys. 
Den er best i djupfryst tilstand og held ikkje lenge i romtempratur utan å bli seig/flytande, men god då også. 

Perfekt alternativ til sjokolade, kaker og konfekt. Dekka heilt klart mitt søtbehov.


mandag 23. juni 2014

Kva er cøliaki?

Cøliaki er ein livslang autoimmun sjukdom som oppstår i tynntarmen. Når ein med cøliaki et glutenholdig mat øydelegges tarmtottane i slimhinna. Dette gjer at evnen til å suge opp nøringsstoff reduseras. Det vert regna med at 1-2% av den norske befolkningen har cøliaki. Tilstanden er livslang, men med glutenfritt kosthold vil dei fleste ikkje merke mykje til sjukdommen. Personar med ubehandla cøliaki har skada tarmtottar i tarmslimhinna. Skaden oppstår ved inntak av gluten.

Symptom:
Kan vera forskjellig frå person til person.

  • Periodevis/langvarig diarè 
  • kronisk forstoppelse samt luftansamlingar
  • følelse av oppblåsthet
  • kronisk jern- og vitamin mangel
  • vanntrivsel
  • påfallande trettheit
  • uforklarlige magesmerter
  • benskjørheit
  • Manglade vektøkninf(vekttap) og dårleg høgdevekst(hos barn)
  • emaljeskadar på permanente tenner. 
  • trettheit
Diagnostisering av cøliaki:
cøliaki er ein livslang tilstand og det kreves nøyaktig gjennomført kostbehandling. Dette krev sikker diagnose. Det får ein kun ved å ta vevsprøve(biopsi) frå tynntarmen. Det er då viktig at ein ikkje har spist glutenfri kost på forhånd. Gir symptom sterk mistanke om cøliaki, kan ein velge biopsi som første undersøkelse. Ofte vil ein heller peile seg inn på diagnosen ved hjelp av ein blodprøve, som kalles antitransglutaminase. Det er viktig å vete at denne ikkje fangar opp alle med cøliaki. Sjølv med negativ blodprøve kan det derfor vera påkrevet med biopsi for å vera sikker. Nav krev at diagnosen er stilt med biopsi dersom ein skal få grunnstønad. Fagrådet i NCF har utarbeida retningslinjer for diagnose, behandling og oppfølging. Desse kan vera lurt å skrive ut frå www.ncf.no og eventuelt ta med til lege. 




torsdag 19. juni 2014

Egon overraskar..

I går var me ein tur på Egon, Karl Johan. Me skulle ut ete for å kose oss og eg fekk allergi menyen, noko som ein skulle tru var trygt. Etter å ha bestilt glutenfri og melkefri middag, kjem servitøren med fritert mat noko som absolutt ikkje er glutenfritt. Servitøren beklaga og spurte kor sensitiv eg var. Som cøliakiar er jo ein smule for nok for å bli sjuk. All mat som blir laga på egon blir steikt på same plate som mat tilsatt soyasaus og glutenholdigmat. Dette forklarar virkeleg ubehaget eg har hatt i mage etter Egon besøk. Etterkvart kunne dei tilby ovnsteikt kylling og grønnsaker som alternativ. Me måtte då ete på to ulike tidspunkt og matgleda blei litt borte. Når maten min først kom var den ikkje krydra, lite grønnsaker, barneposjon og smaklaust. Dette var absolutt ikkje verdt pengane og dette vart bemerka. For å gjere opp for seg gav Egon tilbake pengane og serverte kaffe. Sjølv veit eg at eg ikkje kan ete trygt her då det i mine auger ikkje er glutenfritt nok. Veldig synd, men samtidig godt vite. 

Ein lærer stadig nye ting og kunnskapen rundt cøliaki og glutenfritt er skuffande av og til. Likevel var kunnskapen hos nokre her på plass slik at eg unngikk sjukdom, men eg vil heller seie at Egon tilbyr glutenredusert mat då maten ikkje er heilt fri for gluten dessverre.  Personleg var eg svært glad for ærleg servitør som rydda opp i saken og prøvde sitt beste. Og skal du ete på Egon må du sei du er hyperalergisk, dersom den skal vera heilt glutenfri. 


onsdag 18. juni 2014

Forskning på gluten-nedbrytande enzymtilskudd..

I morgon er første konsultasjon for å sjå om eg kan være med i forskningen på ny medisin for oss med cøliaki som fortsatt ikkje er heilt friske. 

Dette er ein studie som vært utført av Oslo universitetssjukehus, Rikshospitalet. Der prosjektet er å sjå effekten av gluten-nedbrytande enzymtilskudd ved cøliaki. Prosjektet er ein del av eit internasjonaltstude med mange studiesenter. Der eg som deltagar skal innta enzymtilskudd eller placebo saman med tre hovudmåltid. Eg må melde inn dagleg, til fleire konsultasjonar hos bl.a overlege Knut Lundin og gjennom to gastroskopi. Eg er veldig spent på dette. Og ser på dette som ein mulighet til å finne ut av min cøliaki samt bidra i forskning.

Eg held dykk oppdatert! 





Nytt brød funksjonell mat


Testa ut den nye glutenfrie brødmiksen til funksjonellmat utan frø og kjerner. Likevel er den lavkarbo, glutenfri, utan soya, utan gjær og utan kveite.
Kjempe god, kan bl.a lage hamburgerbrød, scones, søtebollar av den. Heilt super!
Anbefalas verkeleg då den var veldig god på smak.
 
Her bilder frå dagens bakst, perfekt form på 1-2-3 miks. Tilsatte kun vann.




tirsdag 17. juni 2014

Vegen mot min livsstilsendring..

Eg får stadig meldingar frå kjente og ukjente at eg er ein inspirasjon. At min livsstil gjer til at dei sjølve blir motiverte og vel sunnare. Fleire har bl.a falt for havrebollane mine medan andre ønskjer veiledning på trening og kosthold. Dette er utruleg kjekt. Eg bloggar berre om ein brøkdel frå kvardagen min. Der eg har eit normalt sunt forhold til trening og kosthold. 




Dei siste 2,5 åra har eg tatt gradvise endringar i min livsstil. For i underkant av 2,5 år sidan bestemte eg meg for å komme i form og redusere vekta, då eg hadde faktorar i mitt liv som gjore til at eg var blitt overvektig. Så motivasjonen min var på topp. Der det egentleg var personen eg såg i speigelen eg ikkje var fornøgd med. Eg kunne ikkje bruke klær som eg trives i og kroppen var tung. Eg starta det heile med å telle kcal gjennom vektklubben, meldte meg inn i treningssenter her i Oslo og starta med gruppe timar. Energien økte og vekta reduserte seg, etterkvart gjekk eg til innkjøp av pulsklokke som var ein kjempe motivasjon for meg og økte matinntaket på treningsdagar. Vekta gjekk fort i starten og eg prøvde meg på nutrilett shake som erstatta eit måltid om dagen og koste meg kvar kveld med 70% sjokolade, noko som var viktigt for at dette skulle gå greit og ikkje bli for stor forandring. Eg erfarte at nutrilettshake ikkje var noko for meg så denne vart fort tatt bort.

Etterkvart stabiliserte vekta seg og eg mista motivasjonen. Kroppen var mindre, men følelsen av at eg måtte ta ting eit steg vidare kom for eit år sidan. Sjølv om mykje jobb var gjort, var personen eg såg i speigelen fortsatt ikkje bra. Bikini og sommar var eit hat og stranda var uaktuell. Fordi kroppen var ein stad der eg ikkje trivdes. 

Ved å ta ting eit steg vidare bestilte eg meg PT timar, her fekk eg nye treningsinstruksar og treninga gjekk meir over i eigentrening. Eg fekk diettar, som endte med at eg mista muskelmasse og hadde null energi og treningsglede. Kroppen føltes heilt søppel og til slutt blei frukt usunt. Dette var som alle skjønar absolutt ikkje bra og eg la brått om til normalkost, men dette måtte kroppen venne seg til. Noko som var ein større utfordring enn ein kunne tru. 

Eg har prøvd ulike diettar (lavkarbo, et deg glad, supermat, ekstremdiettar osv), slankekurar og piller utan den effekten eg ønska. Samtidig som det har gitt meg erfaringar. Det er tusen ulike meiningar og  på nett er det eine sunt medan det er usunt på ei anna side. Dette skapar fustrasjon hos oss som har mål. Ein ser draumekroppen og jobbar mot det, til ein finn ut at draumekroppen kanskje ikkje er som du tenkte, men enda betre. Ikkje nødvendigvis superlav feitt prosent, men ein fungerar betre, er aktiv, nyt maten og kvardagen. Ikkje alle treng superlav feitt prosent, men ein skal trivas med seg sjølv.

I Januar i år gjekk eg inn med ny plan som var basert på rein mat og ein ete dag i veka. Denne fungerte bra fordi dette ikkje var ekstremt. Så eg kom i vektmål. Etter dette har eg rett og slett ete det eg likar og etter ein livsstilsendring er det sunn mat. Eg unnar meg god mat og snop, men alt med måte. Personleg har eg mål som for andre kan vera litt annleis. Men ein av mange ting eg har lært gjennom dette løpet er at med kosthold er eg strukturert, har eg bestemt meg gjer eg alt for å nå dette. Eg får sleng kommentarar som kanskje kan gå litt inn på meg. Rundt meg har eg unike personar som forstår meg og minner meg på at dei fleste som må klage på andre er for svake til å gjere dette og rett og slett lid av ein form for sjalusi. Sjølv veit eg at livsstilen eg no har er i tråd med sunne verdiar.

Vegen min vidare er ikkje å ha scene kropp eller stille i fitness konkurransar. Eg er idag fornøgd med mitt liv, kosthold og trening. Eg er enormt lykkeleg, men elskar trening og kosthold med den hensikt at eg skal ha ein frisk og sunn kropp. 

Vegen har gått naturleg der eg har gått frå å eta totalt usunt til å elske sunn mat. Gradvis har eg kutta sukker og idag et eg kun sukker ved spesielle anledningar og har eg har lyst på et eg. For min kropp treng ikkje dagleg inntak av sukker så dette styrer seg sjølv. Maten blir laga frå bunnen og er rein. Eg har lært meg å kjenne min kropp og kva som gir meg livskvalitet. Noko som eg syns er det viktigaste i ein slik prosess. 

For svaret er ikkje slankekur og ekstrem ting, då går ein fort opp igjen til utgangspuntet og ein mistar motetet har eg erfart. Når det er ein livsstil og ein gjer små endringar gradvis blir det naturleg og ikkje for ein kort periode. 

Gjer det som gjer deg glad og set deg mål/delmål. Ingenting skjer over natta om det skal væra bra for helsa, men ved gradvis endring blir det din personleg livsstil. Og me mennesker er ulike, noko fungerar for ein medan det ikkje har effekt for andre. Finn ein balanse og eg er sikker på du blir fornøgd. For viktigaste av alt vær lykkeleg, nyt dagen og ha eit kosthold der du gledar deg til å ete.

Følg din kropp!