mandag 16. juni 2014

Ny gastroskopi..

Idag var det ny runde på gastromedisinske poliklinikk, der eg svalgte den svarte hyggelege slangen. Kjente eg var svært bekymra og redd, mtp astma. Heldigvis hadde eg med meg mi gode veninne Caroline som er sjukepleiar og det var veldig trygt. Det eg var usikker på sjekka ho ut. Så gode fordelar med å ha sjukepleiar veninne. 
Heldigvis har antistoff prøvane blitt redusert og denne gongen tok eg beroligande for å unngå ubehage med pust. Dette gjekk fint. Litt ubehageleg, men gjekk fort.  Så om ein 2-3 veker kjem svara, eit håp om at dei finn eit svar på den dårlege magen eg har hatt problem med sidan cøliaki diagnosen. Magen har blitt tydeleg bedre etter at eg starta laktosefritt og det er veldig godt. Så kanskje det egentleg er løysninga, det gjenstår å sjå. 


Dette er jo ein undersøkelse eg har tatt to gonger tidlegare. Og ein av undersøkelsane ein må ta for å få endeleg cøliaki diagnose. Tidlegare har eg kun hatt bedøvelses spray i hals og det har gått greit, men med beroligande gjer det undersøkelsen mykje meir avslappande og tida går mykje kjappare. 

1 kommentar:

Takk for att du tok deg tid til å legge igjen ein kommentar! :-)