tirsdag 17. juni 2014

Vegen mot min livsstilsendring..

Eg får stadig meldingar frå kjente og ukjente at eg er ein inspirasjon. At min livsstil gjer til at dei sjølve blir motiverte og vel sunnare. Fleire har bl.a falt for havrebollane mine medan andre ønskjer veiledning på trening og kosthold. Dette er utruleg kjekt. Eg bloggar berre om ein brøkdel frå kvardagen min. Der eg har eit normalt sunt forhold til trening og kosthold. 




Dei siste 2,5 åra har eg tatt gradvise endringar i min livsstil. For i underkant av 2,5 år sidan bestemte eg meg for å komme i form og redusere vekta, då eg hadde faktorar i mitt liv som gjore til at eg var blitt overvektig. Så motivasjonen min var på topp. Der det egentleg var personen eg såg i speigelen eg ikkje var fornøgd med. Eg kunne ikkje bruke klær som eg trives i og kroppen var tung. Eg starta det heile med å telle kcal gjennom vektklubben, meldte meg inn i treningssenter her i Oslo og starta med gruppe timar. Energien økte og vekta reduserte seg, etterkvart gjekk eg til innkjøp av pulsklokke som var ein kjempe motivasjon for meg og økte matinntaket på treningsdagar. Vekta gjekk fort i starten og eg prøvde meg på nutrilett shake som erstatta eit måltid om dagen og koste meg kvar kveld med 70% sjokolade, noko som var viktigt for at dette skulle gå greit og ikkje bli for stor forandring. Eg erfarte at nutrilettshake ikkje var noko for meg så denne vart fort tatt bort.

Etterkvart stabiliserte vekta seg og eg mista motivasjonen. Kroppen var mindre, men følelsen av at eg måtte ta ting eit steg vidare kom for eit år sidan. Sjølv om mykje jobb var gjort, var personen eg såg i speigelen fortsatt ikkje bra. Bikini og sommar var eit hat og stranda var uaktuell. Fordi kroppen var ein stad der eg ikkje trivdes. 

Ved å ta ting eit steg vidare bestilte eg meg PT timar, her fekk eg nye treningsinstruksar og treninga gjekk meir over i eigentrening. Eg fekk diettar, som endte med at eg mista muskelmasse og hadde null energi og treningsglede. Kroppen føltes heilt søppel og til slutt blei frukt usunt. Dette var som alle skjønar absolutt ikkje bra og eg la brått om til normalkost, men dette måtte kroppen venne seg til. Noko som var ein større utfordring enn ein kunne tru. 

Eg har prøvd ulike diettar (lavkarbo, et deg glad, supermat, ekstremdiettar osv), slankekurar og piller utan den effekten eg ønska. Samtidig som det har gitt meg erfaringar. Det er tusen ulike meiningar og  på nett er det eine sunt medan det er usunt på ei anna side. Dette skapar fustrasjon hos oss som har mål. Ein ser draumekroppen og jobbar mot det, til ein finn ut at draumekroppen kanskje ikkje er som du tenkte, men enda betre. Ikkje nødvendigvis superlav feitt prosent, men ein fungerar betre, er aktiv, nyt maten og kvardagen. Ikkje alle treng superlav feitt prosent, men ein skal trivas med seg sjølv.

I Januar i år gjekk eg inn med ny plan som var basert på rein mat og ein ete dag i veka. Denne fungerte bra fordi dette ikkje var ekstremt. Så eg kom i vektmål. Etter dette har eg rett og slett ete det eg likar og etter ein livsstilsendring er det sunn mat. Eg unnar meg god mat og snop, men alt med måte. Personleg har eg mål som for andre kan vera litt annleis. Men ein av mange ting eg har lært gjennom dette løpet er at med kosthold er eg strukturert, har eg bestemt meg gjer eg alt for å nå dette. Eg får sleng kommentarar som kanskje kan gå litt inn på meg. Rundt meg har eg unike personar som forstår meg og minner meg på at dei fleste som må klage på andre er for svake til å gjere dette og rett og slett lid av ein form for sjalusi. Sjølv veit eg at livsstilen eg no har er i tråd med sunne verdiar.

Vegen min vidare er ikkje å ha scene kropp eller stille i fitness konkurransar. Eg er idag fornøgd med mitt liv, kosthold og trening. Eg er enormt lykkeleg, men elskar trening og kosthold med den hensikt at eg skal ha ein frisk og sunn kropp. 

Vegen har gått naturleg der eg har gått frå å eta totalt usunt til å elske sunn mat. Gradvis har eg kutta sukker og idag et eg kun sukker ved spesielle anledningar og har eg har lyst på et eg. For min kropp treng ikkje dagleg inntak av sukker så dette styrer seg sjølv. Maten blir laga frå bunnen og er rein. Eg har lært meg å kjenne min kropp og kva som gir meg livskvalitet. Noko som eg syns er det viktigaste i ein slik prosess. 

For svaret er ikkje slankekur og ekstrem ting, då går ein fort opp igjen til utgangspuntet og ein mistar motetet har eg erfart. Når det er ein livsstil og ein gjer små endringar gradvis blir det naturleg og ikkje for ein kort periode. 

Gjer det som gjer deg glad og set deg mål/delmål. Ingenting skjer over natta om det skal væra bra for helsa, men ved gradvis endring blir det din personleg livsstil. Og me mennesker er ulike, noko fungerar for ein medan det ikkje har effekt for andre. Finn ein balanse og eg er sikker på du blir fornøgd. For viktigaste av alt vær lykkeleg, nyt dagen og ha eit kosthold der du gledar deg til å ete.

Følg din kropp!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for att du tok deg tid til å legge igjen ein kommentar! :-)