fredag 11. juli 2014

Dagens kosultasjon på Rikshospitalet.

I dag var det ny konsultasjon på Rikshospitalet ang. forskningen. Under første besøk tok eg ein del blodprøvar. Etter nokre dagar fekk eg svar og bilirubin nivået var for høgt. Så ein ny runde med blodprøvar for å kartlegge kva dette var, men heldigvis var det den heilt ufarlege gilbert syndromet. 

Men under dagens konsultasjon fekk eg også svar på gastroskopien som var tatt på Ullevåll sjukehus igjen. Den var heilt fin og ingen tegn til cøliaki på tarmtottane. Dette vil sei at kostholdet er 100% reint og glutenfritt nok til at tarmane har bygd seg opp att. Fantastisk følelse, men samtidig litt synd å ikkje kunne være med vidare på forskningen. For det er utruleg spennande og hadde vore moro vore med på. 

Sjølv om tarmtottane er for friske til å være med på forskning skal eg no under utredning på tarmane og gjennom kolonoskopi for å sjekke ut cøliaki symptoma. I tillegg skal eg etter kvart til ein samtale med ein klinisk ernæringsfysiolog på Rikshospitalet. Han ville ikkje gi seg før han fant forklaring på mageproblema.  Ettersom eg hadde stilt opp på forskningen ville dei no hjelpe meg uansett. 

Så sjølv om eg ikkje er med i forskningen er det andre som er med. Dette er eit enzym som dei veit fungerar og tenk om det virkeleg blir slik at me kan ete normalt ved ein tablett/pulver/sprøyte og sleppe ubehaget ved inntak av gluten. Draum for oss med cøliaki som kan bli virkeleg om nokre år. Fikk vite at det foregår mykje forskning rundt dette. 

Har du fortsatt plagar med cølaikien anbefalar eg deg å sjekke om du kanskje kan vera med i forskninga.
Meir informasjon finn du her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for att du tok deg tid til å legge igjen ein kommentar! :-)