tirsdag 8. juli 2014

Potetene skal bli...

...lomper.
I går prøvde me oss på lomper, men kan ikkje sei dei vart 100 % vellykka sjølv om dei gradvis blei meir og meir lomper. Trur me har funnet ut av feila og eg gir ikkje opp, men prøver i mindre posjon for å sjå. Har heilevegen ønska ei god sunnare lompe oppskrift, men føler endeleg eg har funne oppskrifta. For smaken var fantastisk, også skal dei etter kvart skal bli sjåande like bra ut som dei smakar. Har heiletiden sakna lompe variant som er god etter at eg fekk cøliaki. Nettopp for det er så mykje bra ein kan lage av det. Eit glutenfritt alternativ til spelt lomper.
 
Så oppskrifta er klar, men med justeringar håpar eg den vil sjå bra ut også. Fordi eg har masse gode ting eg kan bruke desse lompene til om dei berre blir litt betre utsjånad og tynnare. Største feilen var nok at eg konkte potetene utan skal. Så trur eg må prøve meg på å koke dei med skal, før eg skreller og lager røra. Følg med å sjå korleis det går.
 
Prøving og feiling er det som må til for å få eit bra resultat på nye ting.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for att du tok deg tid til å legge igjen ein kommentar! :-)