onsdag 27. august 2014

Squash pasta og kjøttsaus.


Ettersom kroppen responderar dårleg på det meste av mat for tida har eg blitt anbefalt å gå tilbake til steinalderen og paleo inspirert kosthold. Dette i håp om ein stabil mage og betre form. 
I det siste har kostholdet vore elendig. Det har gått i trøste eting som søtt og usunn mat når formen er dårleg. 

Eg har prøvd lese meg litt opp og starta med å finne ut av kva eg ikkje skal ete og kva eg skal ete. Det er vanskeleg å setje seg inn i alt. Det vanskeligaste eg skal kutte er melkeprodukta som eg er avhengig av. Norvegia, kesam, cottage cheese og sjokolade er mine største utfordringar som skal bort. Carvar allerede denne første dagen etter norvegia. 

Men for første gong på lenge har eg ete middag utan mageverk. Om dette er tilfeldig eller kostholdrelatert vil eg finne ut av etter kvart. 

Min første middag på denne nye livsstilen blei squash pasta og heimelaga kjøttsaus. Dette smakte kjempe godt og er heilt klart eit godt alternativ til glutenfri pasta når ein unngår mage smerter. 




søndag 24. august 2014

Saftig glutenfri eplekake!


Å bake glutenfritt er ikkje så utfordrande lenger som mange trur. Ein må ha gode oppskrifter og resten går (stort sett) som ein leik! Eg handla meg ein kasse med norske epler og måtte sjølvsagt lage ei eplekake av nokon av dei! :)
 Her skal eg dele min favoritt eplekakeoppskrift med dykk:

4 stk. epler
5 ss. sukker
2 ss. malt kanel
200 gr. mykt smør
200 gr. sukker
4 egg
1 ts. bakepulver
200 gr. lys melblanding
2 ss. perlesukker

Skrell eplene og fjern kjernehuset og del dem i tynne båter. Ha eplebåtene i en plastpose og tilsett sukker og kanel, rist godt slik at sukker og kanel blir godt fordelt på eplebåtene.


Forvarm ovnen til 180 grader.
Pisk smør og sukker lyst og luftig med en mikser.


 Tilsett eggene, ett om gangen

  og pisk godt mellom hvert egg.

Sikt mel og bakepulver over røren og vend det forsiktig inn i deigen.

 Fordel halvparten av røren jevnt i i en rund kakeform 24 cm.

 Stikk halvparten av eplebåtene ned i deigen.

 Fordel resten av deigen i formen

 og stikk de resterende eplene ned i deigen.
 Strø til slutt over et jevnt lag med perlesukker og hakka mandlar.

 Stek kaken midt i ovnen ved 180 grader i ca. 50 minutter
 (eg måtte ha kaka i 1 t og 10 min før den var gjennomsteikt)

Kaka var supersaftig og smakte nydeleg! :)))
Eg anbefalar denne på det sterkaste, smeltar på tunga! ;)
Her med vanilje is og vaniljesaus! :) Smeeeelt! :)))

søndag 17. august 2014

Meir allergi..

Den siste tida har det vore stort mangel på energi. Treninga har ikkje gått som planlagt og no i det siste fekk eg brått enorm hovudverk og enormt med raude utseltt over heile kroppen saman med influensa følelse. Det føltes som bihulebetennelse og formen har vore elendig. Etter ein tur på legevakta var tilbakemeldingen klar, meir allergi. Så no ser det ut som om eg ikkje tåler hund også. Så ein prednisolon kur og allergi medisin roa det heile ned og huda er ugjenkjenneleg. Heldigvis. 

Så eg er svært usikker på kva eg ikkje reagerar på for tida. Har bestemt meg for å finne nokon som kan gi meg eit konkret svar på kva eg må holde meg unna og kva eg kan ete/ være i nærheita av.  Eventuelt kva forhånds reglar eg må ta i kvardagen for å unngå slikt igjen. Men eg er svært usikker på kven som kan hjelpe meg med å sjekke alle formar for allergiar. Er derfor på jakt etter alt av tips og erfaringar rundt dette. For min del må eg finne eit svar på alt for å unngå allergiske reaksjonar så ofte. For kroppen blir så utruleg sliten og tappa når ein heile tiden har allergisk reaksjon. 

Den eine dagen reagerar eg på noko som neste dag kan gå fint. Så eit endeleg svar på kva eg er sensitiv for å kva som går fint er eg no på jakt etter. Veit det fins blodprøvar som kan sendas ut av landet der ein får ei smørbrød-liste på kva ein tåler, kva eg skal vera forsiktig med og kva som er bra for ein.

Så har du tips eller erfaring gi meg gjerne tilbakemelding på personleg melding :) 

Ønskjer dykk ein strålande søndag. 


fredag 15. august 2014

Glutenfritt på Prima Fila, Oslo


"Kvalitet er nøkkelen til all suksess, og vi vil at gjestene våre skal få det aller beste. Stikkord er ferskt og godt fra de beste produsenter. Vi importerer mye fra Italia, både råvarer og vin, og filosofien er at kvalitet ikke behøver å tømme lommeboken."
Etter tips om att prima fila skulle være bra, måtte eg sjølvsagt teste denne plassen ut! :)
Og ho som har testa denne plassen ut for glutenfritt har absolutt rett. 
Til ein forandring kunne eg bestille pastarettar, og då valgte eg denne:
Utruleg god, og veldig mettande til berre 159,- 
Så her kjem eg nok til å ta turen fleire gonger.. :) Dei har også glutenfri pizza! :)
Så att kvalitet ikkje behøver å tømme lommeboka er rett på denne resturangen! ;)
Du finn det på Fritjof Nansensplass 5 i nærheten av rådhuset! :)
Meir info og meny finn du 
Anbefalas! :)

Glutenfritt på Borggården Biffresturant


I førre veke testa eg borggården, biffresturant med limosin kjøtt. Har fått gode anmeldelsar av aftenposten og DN.
Vanlegvis får eg ikkje glutenfritt ventebrød, men her var det sprøsteikt glutenfritt brød med pesto. FANTASTISK!! 
I tillegg var alle sausar glutenfrie ettersom alt var heimelaga og med gode råvarer. Biffen var heilt fantastisk og potetvalga var ikkje problem.


 
Crème Brùlèe var heilt magisk og smelta på tunga.


 
Skal du ha eit godt glutenfritt biffmåltid anbefalar eg Borggården som eiges av same eigarar som Prima Fila. Ligg ved rådhuset, nærmare bestemt Fritjofnansenplass 5 og er ein litan sjarmerande resturang med triveleg og kunnskapsrik betjening.
Servitøren kunne fortelle at det var økande antall gjerster som skulle ha glutenfritt og dei måtte derfor kunne tilby god mat til alle. 

Glutenfritt på Bugges, Markveien


Her har dei glutenfrie alternativ som er veldig gode. 
Eg valgte gultenfri burgar med potetbåtar og aioli. Burgarkjøttet var heimelaga og falt i god smak.
Anbefalas verkeleg. Denne sjarmerande resturanten ligg nederst i markveien på Grùnerløkka. 

Glutenfritt på Spis, Grùnerløkka


 Glutenfri brødmat og kyllingsalat med heimelaga dressing.
Kjempe godt og virkeleg til å anbefala.
Resturanten Spis finn du på Grùnerløkka her i Oslo, Olaf Ryes plass.
Spis hadde merka dei glutenfrie rettane med "glutenfritt alternativ".
Dei tilbyr også glutenfri fiskesuppe, hamburgar, lakseburgar og krabbeburgar.  
 

 Her var det god service og kunnskap så her kan du her ete trygt i trivelege omgivelsar.
Kunnskap og tryggheit på glutenfritt er alltid ein glede for ein cøliakiar.

torsdag 14. august 2014

Carolines havrerundstykker


Å starte dagen med havregraut er heilt klart noko eg blir lei av i lengden. Derfor har eg no laga havrerundstykker som eit sunnare alternativ til brødmaten.
Desse er utan gluten, melk, gjær og sukker.
Laga dei til min familie i helga og den blei godt motatt. Mor starta allerede baking av desse når ho kom heim så desse er nokon som lett fell i smak.

Du treng:
100 g havremel/malt havregryn
2 egg
1 eggekvite
5ss vann
1ts bakepulver
60 g havregryn
  1. Mal havregryn til havremjøl med 2 egg, 1 eggekvite, 5ss vann og 1 ts bakepulver.
  2. Lag ei jevn røre, eg brukar stavmiksar. 
  3. Tilsett 50-70 g havregryn alt etter konsistes, eg brukar 60 g. 
  4. Sett rundstykka på bakepapir med spiseskei.
  5. Steikas på midterste rille 225 grader i ca 15 minutt til dei er gylne under. 


mandag 4. august 2014

Biorytme-livsstil..

Den siste tida har energien dalt veldig, dette pga dårleg mat og lite kcal. Som har resultert i uønska vektnedgang. Så eg og kjæresten har begge invistert i kostholdsplan frå fantastiske Lisa. Planen er laga ut frå biorytme prinsippa til Børge Fagerli, noko eg lenge har ønska prøve. Så fredag var me i gang. Eg var så topp motivert og måtte starte med ein gong. Søndag unna me oss ein tur ut å ete samt litt snop før den nye livsstilen var eit faktum. Så i går starta den nye livsstilen, me såg begge at det var mykje mat. Og litt oppgitt over all maten som skal ned i løp av ein dag. Nesten dobbelt så mykje som det har vore i det siste på oss begge. 

Gårsdagen var fylt med mykje mat og eg var rett og slett litt slapp. Mager var full og det gjekk alt for kort tid mellom siste måltid og senga. Så dette lærte me litt av. Idag var eg lys vaken klokka 5 på 6 og klar for å tilbrede dagens lunsj, mellommåltid og frokost samt lese nokre sider i ei bok eg for tida knapt kan legge frå meg. Så hærleg med god tid på morgonen!

Eg kan allerede merke at energien stig i kroppen og for første gong kunne eg alt i går løfte meg sjølv på doorgym som eg har heime i døråpninga. Min første chins på doorgym! Det var morro det. Samtidig kjenner eg at treningsgleden er på veg tilbake og det er ubeskriveleg godt. No gledar eg meg berre til å være ferdig på jobb for å heim og tilbrede middag før dagens styrke økt skal gjeras. Treningsprogramet framover er to splitt styrke og intervallar saman med reint og sunt kosthold etter Børges prinsipp. 

Dette som no er min nye livsstil kan du lese meir om her.

Eg kan allerede sei eg elskar biorytme livsstilen og eg trur jammen eg har funne ein livsstil som er tilpassa meg. Kroppen jublar av all maten og nyt verkeleg det å ha nok energi i kroppen!