søndag 17. august 2014

Meir allergi..

Den siste tida har det vore stort mangel på energi. Treninga har ikkje gått som planlagt og no i det siste fekk eg brått enorm hovudverk og enormt med raude utseltt over heile kroppen saman med influensa følelse. Det føltes som bihulebetennelse og formen har vore elendig. Etter ein tur på legevakta var tilbakemeldingen klar, meir allergi. Så no ser det ut som om eg ikkje tåler hund også. Så ein prednisolon kur og allergi medisin roa det heile ned og huda er ugjenkjenneleg. Heldigvis. 

Så eg er svært usikker på kva eg ikkje reagerar på for tida. Har bestemt meg for å finne nokon som kan gi meg eit konkret svar på kva eg må holde meg unna og kva eg kan ete/ være i nærheita av.  Eventuelt kva forhånds reglar eg må ta i kvardagen for å unngå slikt igjen. Men eg er svært usikker på kven som kan hjelpe meg med å sjekke alle formar for allergiar. Er derfor på jakt etter alt av tips og erfaringar rundt dette. For min del må eg finne eit svar på alt for å unngå allergiske reaksjonar så ofte. For kroppen blir så utruleg sliten og tappa når ein heile tiden har allergisk reaksjon. 

Den eine dagen reagerar eg på noko som neste dag kan gå fint. Så eit endeleg svar på kva eg er sensitiv for å kva som går fint er eg no på jakt etter. Veit det fins blodprøvar som kan sendas ut av landet der ein får ei smørbrød-liste på kva ein tåler, kva eg skal vera forsiktig med og kva som er bra for ein.

Så har du tips eller erfaring gi meg gjerne tilbakemelding på personleg melding :) 

Ønskjer dykk ein strålande søndag. 


1 kommentar:

  1. Jeg har kutta ut gjær og gluten og melk. og redusert på sukkeret. Fløte tåler jeg i mndre mengder så jeg spiser is av og til.
    Gjær er det som gir meg mest tretthet.
    Rundstykker med bakepulver, havregryn (halvparten) og diverse andre glutenfrie meltyper, fungerer veldig bra for meg.
    Vanlig melk har jeg bytta ut med havremelk og rismelk.
    Står det gjærekstrakt i innholdsfortegnelsen, velger jeg noe annet.
    Lykke til og ikke gi opp.

    SvarSlett

Takk for att du tok deg tid til å legge igjen ein kommentar! :-)