lørdag 22. november 2014

Førjulstida som englemamma.

Førjulstida har dei siste tre åra vore spesiell. I dag er det ein månad til ein frisk gut kom stille til verda for tre år sidan. Det er meir av dei gode enn dei dårlege dagane, men førjulstida bringer likevel fram sterke minner. Eg er heldig som har ein unik støttespelar med meg denne jula. Det å bli forstått i denne tida og samtidig ha tid til å sørge og føle på tapet er utruleg godt. Sjølv om det har gått tid sidan den brutale dagen vil han alltid være med oss. Livet eg har i dag er fantastisk, men eg har ein gut for lite med meg i kvardagen. Og savnet er stort uansett kor lenge det er sidan. Eit tomrom som er umuleg fylle. 

Idag var me på juleshopping. Me kom heim med ein litan engel som skal være med oss som ekstra minne inn i førjulstida i år. 

 I tillegg fant eg to nye skattar til grava hans. 

Trist at julegavnae til veslegut blir gravpynt, men han er med oss samtidig som han minner oss på kor skjørt og verdifullt livet faktisk er. 

Takk for at akkurat eg fekk bli din mamma. Sjølv om eg gjerne skulle fått meir tid med deg er eg i dag taknemmeleg for å få være englemamma. Du har lært meg livets brutale side, men du er og blir min største styrke. 



1 kommentar:

Takk for att du tok deg tid til å legge igjen ein kommentar! :-)