lørdag 28. mars 2015

Glutenfritt på Strømmen storsenter.

Fekk vite at baker hansen har denne veka og neste veke glutenfrie cupcakes til salgs. Og eg måtte berre smake dei. Dei var berre heilt fantastiske på smak og konsistens, noko av det beste eg har smakt. Verkeleg ein favoritt! Elskar alle mulighetane som dukka opp for oss med cøliaki. 

I tillegg var eg innom BIT, hadde så lyst på salat. Spurte den søte dama bake disken om ho hadde glutenfritt. Det hadde ho dessverre ikkje, men ville gjerne hjelpe. Ho sa at det var mykje gluten rundt salat boksane, noko eg og såg som tilseier at det ikkje er glutenfritt lenger. Men spurte ho om ho hadde mulighet til å opne og tilbrede ny salat frå varer som ikkje hadde vore i kontakt med gluten. Og dette var ingen problem for denne service innstilte dama på strømmen storsenter. Etter 10 minuttar kunne eg nyte favoritt salaten heilt trygt! Utruleg hærleg å møte slike mennesker.
All ære til denne jenta som faktisk ville sjå mulighetar i staden for hindringar!!

Fins også alternativ på jordbærpikene, frozen yoghurt, mc donalds.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for att du tok deg tid til å legge igjen ein kommentar! :-)