torsdag 23. april 2015

Følelsar når ein er gravid som englemamma..

Det er for tida lite blogging, men eg håpar å snart kunne være litt meir aktiv. Etter at eg blei gravid har det vore ganske tøft både fysisk og psykisk. Det å bli gravid igjen etter å ha mista eit barn i slutten av svangerskapet er faktisk noko av det tøffaste eg har opplevd. Det er så enormt masse frykt, tankar og redsel. Å kjenne at kroppen ikkje fungerar er overkommeleg. Både bekkenløysning og låsning føler eg at eg får god hjelp hos fantastiske damer på bakken og barn på Skøyen. Desse er unike, men kommenterte fort holdningen. Eg har ein holdning som tydleg visar at eg beskyttar meg sjølv. 

Er absolutt ikkje meg sjølv, men veldig glad for all forståelse eg får og støtte. Det gjer det mykje enklare når det er veldig utfordrande for meg.  

Har også hatt min første tur til sjukehuset eg skal føde på for samtale med gaia jordmor. Ho såg raskt mine behov og har funnet gode løysningar for at eg skal prøve komme meg best muleg gjennom dette. Eg skal etterkvart til samtalar med ei som kjenner til andre i min situasjon og eg gledar meg til å berre kunne tømme all frykt og tankar over på denne dama som kan å takle det. Gang på gang får eg bekrefta at eg reagerar heilt normalt og at om eg hadde visst det hadde eg kanskje ikkje gått gjennom dette meinte jordmora. Trur ho er inne på noko der og det er derfor like greit å ikkje vite det før ein er i det. Som ho sa; når alt har gått bra blir det mykje enklare. Det er godt vite, men er forbredt på tøffe dagar og tider heilt fram til han/ho er hos oss i september/oktober.

Eg er så utruleg glad og lykkeleg over å få starte familie med min største kjærlighet, men samtidig er eg livredd for å gjenoppleve det som skjedde sist. Alt ligg til rette for at det skal gå bra med ein veldig aktiv baby i magen og det er godt vite. Samtidig vil eg aldri være trygg før jenta/guten vår er i armane våre. For meg er tiden etter 12 veker den tøffaste tida, men med gode fagfolk, familie, venner og ein utruleg støttande sambuar skal det gå bra denne gongen <3 

Me gledar oss til å kunne helse på vesle knøttet vårt, høyre det første skriket og ikkje minst klemma han/ho uendeleg!  

Først tingen til vesle knøttet vårt som må bli Manchester United fan saman med pappan sin når han/ho kjem til verden <3



1 kommentar:

  1. Stor klem til deg, den tøffeste jenta jeg vet om!

    SvarSlett

Takk for att du tok deg tid til å legge igjen ein kommentar! :-)