tirsdag 9. juni 2015

Baker Hansen på Sandvika Storsenter

Eg var ein tur på sandvika senteret med flotte damer ein dag.
Hadde for lita tid i morgon kaoset og rakk ikkje lage med meg lunsj.


Baker hansen på Sandvika Storsenter har virkeleg kunnskap om glutenfritt! 
Dette rundstykke lukta godt, var ferskt(nyvarma), saftigt, lavkarbo og smelta på tunga! Det lyste glede av meg, eg storkosa meg med det!! 

Det var berre det beste eg har smakt av brødmat ute. All ære til dei!!
Heilt spesiell følelse.
 Før eg forlot senteret måtte eg innom å kommentre det, for dette var verkeleg fantastisk!! Dei vart litt paffe over den gode tilbakemeldinga, men det er så viktig skryte når noko er så bra. Folk rundt glisa der inne. Så det var rimeleg tydeleg at eg var fornøgd.
Så er du der, ta turen innom Baker Hansen og et trygg fersk brødmat! 

Må berre sei at eg likar utviklinga på glutenfritt. Ein sunnare variant og til og med god brødmat på bakeri. Det skjer mykje på den glutenfrie fronten for tida. Gledeleg!






Baker hansen over alt har no fått glutenfri fersk gjærbakst, kaniljebollar, kaker og påsmurt. Dette har dei ferskt frå mandag- lørdag.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for att du tok deg tid til å legge igjen ein kommentar! :-)