torsdag 19. juni 2014

Egon overraskar..

I går var me ein tur på Egon, Karl Johan. Me skulle ut ete for å kose oss og eg fekk allergi menyen, noko som ein skulle tru var trygt. Etter å ha bestilt glutenfri og melkefri middag, kjem servitøren med fritert mat noko som absolutt ikkje er glutenfritt. Servitøren beklaga og spurte kor sensitiv eg var. Som cøliakiar er jo ein smule for nok for å bli sjuk. All mat som blir laga på egon blir steikt på same plate som mat tilsatt soyasaus og glutenholdigmat. Dette forklarar virkeleg ubehaget eg har hatt i mage etter Egon besøk. Etterkvart kunne dei tilby ovnsteikt kylling og grønnsaker som alternativ. Me måtte då ete på to ulike tidspunkt og matgleda blei litt borte. Når maten min først kom var den ikkje krydra, lite grønnsaker, barneposjon og smaklaust. Dette var absolutt ikkje verdt pengane og dette vart bemerka. For å gjere opp for seg gav Egon tilbake pengane og serverte kaffe. Sjølv veit eg at eg ikkje kan ete trygt her då det i mine auger ikkje er glutenfritt nok. Veldig synd, men samtidig godt vite. 

Ein lærer stadig nye ting og kunnskapen rundt cøliaki og glutenfritt er skuffande av og til. Likevel var kunnskapen hos nokre her på plass slik at eg unngikk sjukdom, men eg vil heller seie at Egon tilbyr glutenredusert mat då maten ikkje er heilt fri for gluten dessverre.  Personleg var eg svært glad for ærleg servitør som rydda opp i saken og prøvde sitt beste. Og skal du ete på Egon må du sei du er hyperalergisk, dersom den skal vera heilt glutenfri. 


1 kommentar:

  1. Forklarer hvorfor jeg ble så uggen i eksamenshelgen! Fint å vite...

    SvarSlett

Takk for att du tok deg tid til å legge igjen ein kommentar! :-)