mandag 4. august 2014

Biorytme-livsstil..

Den siste tida har energien dalt veldig, dette pga dårleg mat og lite kcal. Som har resultert i uønska vektnedgang. Så eg og kjæresten har begge invistert i kostholdsplan frå fantastiske Lisa. Planen er laga ut frå biorytme prinsippa til Børge Fagerli, noko eg lenge har ønska prøve. Så fredag var me i gang. Eg var så topp motivert og måtte starte med ein gong. Søndag unna me oss ein tur ut å ete samt litt snop før den nye livsstilen var eit faktum. Så i går starta den nye livsstilen, me såg begge at det var mykje mat. Og litt oppgitt over all maten som skal ned i løp av ein dag. Nesten dobbelt så mykje som det har vore i det siste på oss begge. 

Gårsdagen var fylt med mykje mat og eg var rett og slett litt slapp. Mager var full og det gjekk alt for kort tid mellom siste måltid og senga. Så dette lærte me litt av. Idag var eg lys vaken klokka 5 på 6 og klar for å tilbrede dagens lunsj, mellommåltid og frokost samt lese nokre sider i ei bok eg for tida knapt kan legge frå meg. Så hærleg med god tid på morgonen!

Eg kan allerede merke at energien stig i kroppen og for første gong kunne eg alt i går løfte meg sjølv på doorgym som eg har heime i døråpninga. Min første chins på doorgym! Det var morro det. Samtidig kjenner eg at treningsgleden er på veg tilbake og det er ubeskriveleg godt. No gledar eg meg berre til å være ferdig på jobb for å heim og tilbrede middag før dagens styrke økt skal gjeras. Treningsprogramet framover er to splitt styrke og intervallar saman med reint og sunt kosthold etter Børges prinsipp. 

Dette som no er min nye livsstil kan du lese meir om her.

Eg kan allerede sei eg elskar biorytme livsstilen og eg trur jammen eg har funne ein livsstil som er tilpassa meg. Kroppen jublar av all maten og nyt verkeleg det å ha nok energi i kroppen!

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for att du tok deg tid til å legge igjen ein kommentar! :-)