onsdag 27. august 2014

Squash pasta og kjøttsaus.


Ettersom kroppen responderar dårleg på det meste av mat for tida har eg blitt anbefalt å gå tilbake til steinalderen og paleo inspirert kosthold. Dette i håp om ein stabil mage og betre form. 
I det siste har kostholdet vore elendig. Det har gått i trøste eting som søtt og usunn mat når formen er dårleg. 

Eg har prøvd lese meg litt opp og starta med å finne ut av kva eg ikkje skal ete og kva eg skal ete. Det er vanskeleg å setje seg inn i alt. Det vanskeligaste eg skal kutte er melkeprodukta som eg er avhengig av. Norvegia, kesam, cottage cheese og sjokolade er mine største utfordringar som skal bort. Carvar allerede denne første dagen etter norvegia. 

Men for første gong på lenge har eg ete middag utan mageverk. Om dette er tilfeldig eller kostholdrelatert vil eg finne ut av etter kvart. 

Min første middag på denne nye livsstilen blei squash pasta og heimelaga kjøttsaus. Dette smakte kjempe godt og er heilt klart eit godt alternativ til glutenfri pasta når ein unngår mage smerter. 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for att du tok deg tid til å legge igjen ein kommentar! :-)