onsdag 31. desember 2014

Mimre over eit fantasitsk år.

Er heime igjen etter nokre flotte dagar i Sogn hos mor og far. Fantastiske julegavar og familietid. 
Eg fekk nydelege gavar frå Lene Bjerre, parfyme frå Marc Jacobs, kle frå Filippa K og Arnie Says, designletter kopp, lommebok frå  Louis Vuitton, dunjakke frå peak performance, Johaug hanskar, eggkokar, vin, bøker, sengesett, skåler og klutar. Heilt vanvittige gavar og ei meget sjokka jente på julafta! 

Deileg å vakne til ferdig mat, komme til duk og dekka bord. Veldig god oppladning før eit nytt år med mykje god mat, spel og glede. Det var også store mengdar snø og heilt fantastisk for julestemningen. 

Jul handlar for meg også om sorg. Vesle guten min skulle vore 3 år denne jula, men eg må besøke han på grava. Han er alltid med meg og det er utruleg godt sjølv om eg ikkje ser han.

 Sorgen er der alltid og jula for meg blir eg ekstra minna på det tomrommet, men sorgen er likevel ikkje så tung som den var for tre år sidan. Sorg går i ulike fasar. Det er godt å kjenne at ein smiler ekte igjen, at ein kan la seg sjølv få lov å vera lykkeleg igjen. 

Når eg gjekk inn i 2014 var eg bestemt på at dette var mitt år og det blei det. Enormt mykje bra, men tre ting er verkeleg høgdepunkt.
- Møtte verdens beste kjæreste. 
- Blei sambuarar.
- Ny fast jobb som Personleg Trenar. 

Noko som forandra mitt liv til noko eg trudde var umuleg. Dette året har gjort meg lykkeleg og eg er utruleg takknemmeleg for å kunne kjenne på denne lykken og gleda i livet. At ein oppnår det ein jobbar hardt for. 

Sjølv om 2014 var mitt år, er eg heilt sikker på at 2015 blir enda betre. Eg gledar meg til å starte det nye året og gledar meg til fleire glutenfrie nyheitar som feks hatting og Baker Hansen
Å leve med cøliaki blir stadig betre og betre og er ikkje problematisk slek det ein gong var. 



Gledar meg til alt 2015 har å by på!! La det bli nok eit fantastisk år. Takk for det gamle, ønskjer deg og dine eit riktig godt nytt år!