lørdag 28. mars 2015

Glutenfritt på Strømmen storsenter.

Fekk vite at baker hansen har denne veka og neste veke glutenfrie cupcakes til salgs. Og eg måtte berre smake dei. Dei var berre heilt fantastiske på smak og konsistens, noko av det beste eg har smakt. Verkeleg ein favoritt! Elskar alle mulighetane som dukka opp for oss med cøliaki. 

I tillegg var eg innom BIT, hadde så lyst på salat. Spurte den søte dama bake disken om ho hadde glutenfritt. Det hadde ho dessverre ikkje, men ville gjerne hjelpe. Ho sa at det var mykje gluten rundt salat boksane, noko eg og såg som tilseier at det ikkje er glutenfritt lenger. Men spurte ho om ho hadde mulighet til å opne og tilbrede ny salat frå varer som ikkje hadde vore i kontakt med gluten. Og dette var ingen problem for denne service innstilte dama på strømmen storsenter. Etter 10 minuttar kunne eg nyte favoritt salaten heilt trygt! Utruleg hærleg å møte slike mennesker.
All ære til denne jenta som faktisk ville sjå mulighetar i staden for hindringar!!

Fins også alternativ på jordbærpikene, frozen yoghurt, mc donalds.

torsdag 26. mars 2015

Ostekake frå funksjonellmat.


Testa denne enkele gluten og sukkerfrie boksen frå funksjonellmat i går. 
Syns den var supergod til å vera ferdig pose og ikkje minst sukkerfri. Anbefalas på det sterkaste. 
Laga den i 18 cm form og den var verkeleg noko for meg.  Blir lett laga igjen!


tirsdag 3. mars 2015

Smoothie..

Her kjem årets første innlegg. Ikkje direkte tidleg akkurat, men med mykje å gjere blir det begrensa av tid til blogging. Jobbar for tida som online-PT for SATSELIXIA og som Personleg trenar på Elixia Kalbakken samtidig som det er litt å gjere i valkommiten i boretslaget. Så har hendene fulle om dagen. Tenkte det var på tide gi litt lyd frå seg. Alt er berre bra og eg elskar jobben min. Den gleda å kunne hjelpe andre og samtidig sjå framgang hos fantastiske kundar er heilt magisk og spesiell. 

Slenger med oppskrift på favoritt smoothien min. 
 (2-3 personar)


1 pose frosne bringebær
1 boks mager kesam
1 banan
egg*

*kan sløyfas


Alt puttas i blendar og blandas til ein frisk hærleg sunn smoothie.


467 kcal
48.1 g protein, 44 g karbohydratar og 10,4 g fett