fredag 14. august 2015

Får du gjester eller har lyst på eit enkelt alternativ?


Toro er supre på glutenfritt. Lurer du på kva som er glutenfritt i butikk hylla vil du finne det i denne online brosjyren her.

Maten blir laga på 1-2-3 og er super når ein skal ha noko enkelt til glutenfrie gjester og ikkje har så stor kunnskap f.eks. 


mandag 10. august 2015

Eit lite livstegn..

Her er det veldig stille for tida. Kor lenge det vil vare er litt usikkert. Nærmar seg termin på vesle jenta vår, i dag er det maks 8 veker til fødselen vært sett i gang. Me gledar oss veldig og er smått i gang med barnerommet. Ventar på malingen me har bestilt og kan knapt vente på resultatet! Blir så stas å begynne få orden på ting. 
På lørdag måtte eg innom apoteket å handle litt til både meg og vesla sidan det var litt rabattar. Så uvant og ny verden dette blir. Kjenner berre at det er så mykje eg ikkje har kunnskap om, men gu kor eg gledar meg.
Tida kan ikkje gå raskt nok.

Sjølv om formen har vore elendig er det ein overgang og premien vår vil så absolutt vera verdt det. 
Idag er det ny vekstkontroll. Foreløbig legg ho godt på seg og ligg godt over gjennomsnittet, noko som er veldig godt for mamman.
 

Prøvar å oppdatere resturant lista frå A-Å når eg testar nye ting sjølv om eg ikkje er så aktiv ellers.

Ønskjer alle ein strålande god glutenfri mandag :)