torsdag 16. mai 2013

Havrelappar!


Triksa litt med frokosten og lagde havre lappar.

Eggekvitar
kanel

Steikes på steikepanna.
Super gode med mager cottage cheese og banan.

God frokost på morgonkvisten :)

onsdag 15. mai 2013

Litt nytt interiør..

For ei tid tilbake såg eg denne i ein butikk i Sogndal. 
Fant ut at den hadde passa perfekt her, men den var dessverre ikkje til salgs.
Her om dagen fant eg den igjen her i Oslo, måtte berre kjøpe den.
Vart kjempe fint! Krydder skal innta plassen oppå og koppane skal gradvis byttas ut. 

Endeleg :) 


tirsdag 14. mai 2013

Skuffande resultat...

Der sank motivasjonen heilt. 
Nett heime frå ny tanita måling. Har jobba så hardt det siste, men det visste ikkje tanitamålingen. 
Vart så skuffa og rett og slett lei meg. Tåpeleg i mangen sine auge, men for meg var dette kjempe nedtur.
Hadde egentleg berre lyst grine og kjøpe dritt mat på vegen heim i rein fustrasjon, men så tikka det inn ein sms frå beste jenta i verden. På heilt rett tidspunktt frå mi vakraste Linn, og dei motiverande orda fekk rett og slett fram nokon tårer. 
Det at ho kan fortelje meg så betydningsfulle ord og legge fokus på alt eg har klart, fekk verkeleg fram smilet også. 
Så då blei det berre sunn mat likevel, holde ut på diett. Ikkje lure meg sjølv!!

Av erfaring veit eg også at i motgang blir ein sterkare, håpe det samme skjer her også. 
Eg må berre hente motivasjon i dei dårlege resultata og stå på. Heldigvis har eg PT og kostplan som eg no skal følgje vidare. 
Den har vertfall gitt resultat på mykje anna og vekta er endeleg gradvis på veg nedover. Eg må berre stå på. Veit også at eg er normal vektig og at kampen som no går vidare er ikkje for å slanke meg, men rett og slett bli muskuløs! Og det kjem ikkje gratis, nullstilling!

EG KAN IKKJE GI MEG!! 

Takk til beste Linn som er unik, som motiverar når eg treng det som mest! Du redda meg akkurat, no skal eg stå på for å klare målet.

 Eg innser sanheten leitar ikkje etter unnskyldingar eller forklaringar og gir fullgass!! 

Mat..

Blir litt enkle løysningar under eksmens lesinga, ikkje heilt enkelt. Dette var verfall godt :) 
Tek sjølvsagt av skinnet..:) 

Her under er favoritt måltidet!!


mandag 13. mai 2013

Mamma med MS.

Har sjølv ei mamma med MS og kjenner meg veldig igjen i denne jenta sin beskrivelse av det å ha ei mamma med denne sjukdommen.
Utruleg lite forståelse blant folk, men her kjem ting verkeleg fram.
Samtidig er min mamma også verdens beste som pusha meg avgårde til å leve mitt liv for eit år sidan.

Takk for at du er min mamma, Glad i deg! 

Framgang...

Måndag er min vege dag. Og idag hadde eg gått ned 0,7 kg på ei veke. I tillegg har eg gått ei veke på diett.
Kjempe fornøgd, så veka starta ganske bra. Godt fornøgd med framgang.

Klarde snitte l cm av halve fingeren idag, men trøysta er at det hang godt på sjølv om det er litt sårt. 
Polstra inn fingeren og teipa godt. Satsar på det ordnar seg sjølv.


Var jo PT time og kunne rett og slett ikkje la det stoppe meg. 
Lite søvn i det siste påvirka litt, men eg hadde ei fantastisk god og hard økt!
Avslutta med intensiv roing! Fantastisk :)
No har eg egentleg berre lyst å gå legge meg! 


I morgon er det ny tanita-måling, er så spent at det kriblar i heile kroppen. Håpar eg har gode resultat.

Diett fortsett og eg har virkeleg mot til å stå på til mitt personlege mål er nådd. Onsdag er "formbilete" så då deler eg forskjellen som har skjedd dei to siste vekene :)

Ønskjer alle ei strålande veke og ein fin mandag :) 

søndag 12. mai 2013

Min framgang og tankegang..

Her er eit bilete frå då eg var nærmare 100 kg og livet var totalt snudd på hovudet.
Det som skulle bli ei gledeleg tid var ei tung og trist tid, mat var stor trøst, eg åt i sorg.
Ingen klede passa, eg måtte i skapet til mamma og finne kjolar som kunne passe. 
I det eg flytta til Oslo løsna alt seg som tidlegare nevnt. 
Samtidigt kom eg i kjennskap med vektklubb og starta min slankeprosess forsiktigt der.

Her fekk eg beskjed om at magefeittet var sjukeleg overvektig og eg fekk antall kcal eg skulle forholde meg til. 
Dette gjekk fint, det heile gjekk mot sommar og vektnedgangen fortsatte.
Det har gått i bølgedalar og vore ein lang prosess. 

Her er også bilete fra i sommar.


Eg starta livstilsendringar og bestemte meg for å komme tilbake til normalvekt. 
Det artige her er at eg faktisk ikkje har endra vekta sidan i fjor sommar til der eg er i dag. 
Det er same vekta, men kroppen er heilt annarledes.

Eg har forandra vekt mange gonger og prøvd mykje ulike kurar osv. Aldri funne noko som kunne vera livslangt, noko eg har trua på at eg har no :)

Trenar 5-8 gonger i veka. Veldig variert, kosar meg med å vere i aktivitet.
Eg har 5 planlagte og intensive økter frå PT som eg starta med forrige mandag.

No har eg satt nye mål, mål om å nå ein muskuløs kropp. 
Eg har gjort store livstilsendringar. Kutta brus i kvardagen, sunnare kosthold og mykje meir trening. 
Eg kunne ete ein pose med smash utan problem, var sjokoholikar.

Eg som alltid har vore periode trenar har no trening som ein del av kvardagen. Hadde aldri trudd eg skulle komme til ein konklusjon der eg alltid har tid til trening. 

KAN EG KAN DU!! 
Så enkelt er det, bestem du deg kan du og oppnå resultat.
Ikkje med slanke tablettar, shakar og alt lureri, men LIVSTILSENDRING og meir fysisk aktivitet.

Er du kreativ vil du og innsjå at sunn mat er mykje betre. Du får energi, huda glødar og  du føler deg friskare innvendig. Sjølv har eg aldri vore i så bra humør, form og hatt eit så bra sjølvbilete som etter at eg byrja tenkje enda sunnare. 

Så det som alle produkt lovar deg kan du gjera til ein livslang prosess med å gjere grep i kvardagen.
Vel magrare og sunnare.
 Eg trur verken på lavkarbo, ketose, fedon eller noko slikt. Det blir alt for ekstremt og umuleg for folk. Det å gå gradvis over til eit meir variert og sunt kosthold. Samtididig som ein kan kose seg innimellom, men ikkje kvar dag. Lage spennande sunn mat, men likevel beholde matgleda er viktigt!  Du får då energi til å vera i aktivitet. 


Det å faktisk vera i gong med PT utdanninga og skulle starte på ernæringsfysiolog til hausten med min bakgrunn og erfaring blir kjempe spennande :) 

Dette gir meg så utruleg mykje og eg elskar tanken på å kunne jobbe med dette etter endt utdanning!