fredag 11. juli 2014

Dagens kosultasjon på Rikshospitalet.

I dag var det ny konsultasjon på Rikshospitalet ang. forskningen. Under første besøk tok eg ein del blodprøvar. Etter nokre dagar fekk eg svar og bilirubin nivået var for høgt. Så ein ny runde med blodprøvar for å kartlegge kva dette var, men heldigvis var det den heilt ufarlege gilbert syndromet. 

Men under dagens konsultasjon fekk eg også svar på gastroskopien som var tatt på Ullevåll sjukehus igjen. Den var heilt fin og ingen tegn til cøliaki på tarmtottane. Dette vil sei at kostholdet er 100% reint og glutenfritt nok til at tarmane har bygd seg opp att. Fantastisk følelse, men samtidig litt synd å ikkje kunne være med vidare på forskningen. For det er utruleg spennande og hadde vore moro vore med på. 

Sjølv om tarmtottane er for friske til å være med på forskning skal eg no under utredning på tarmane og gjennom kolonoskopi for å sjekke ut cøliaki symptoma. I tillegg skal eg etter kvart til ein samtale med ein klinisk ernæringsfysiolog på Rikshospitalet. Han ville ikkje gi seg før han fant forklaring på mageproblema.  Ettersom eg hadde stilt opp på forskningen ville dei no hjelpe meg uansett. 

Så sjølv om eg ikkje er med i forskningen er det andre som er med. Dette er eit enzym som dei veit fungerar og tenk om det virkeleg blir slik at me kan ete normalt ved ein tablett/pulver/sprøyte og sleppe ubehaget ved inntak av gluten. Draum for oss med cøliaki som kan bli virkeleg om nokre år. Fikk vite at det foregår mykje forskning rundt dette. 

Har du fortsatt plagar med cølaikien anbefalar eg deg å sjekke om du kanskje kan vera med i forskninga.
Meir informasjon finn du her.

tirsdag 8. juli 2014

Potetene skal bli...

...lomper.
I går prøvde me oss på lomper, men kan ikkje sei dei vart 100 % vellykka sjølv om dei gradvis blei meir og meir lomper. Trur me har funnet ut av feila og eg gir ikkje opp, men prøver i mindre posjon for å sjå. Har heilevegen ønska ei god sunnare lompe oppskrift, men føler endeleg eg har funne oppskrifta. For smaken var fantastisk, også skal dei etter kvart skal bli sjåande like bra ut som dei smakar. Har heiletiden sakna lompe variant som er god etter at eg fekk cøliaki. Nettopp for det er så mykje bra ein kan lage av det. Eit glutenfritt alternativ til spelt lomper.
 
Så oppskrifta er klar, men med justeringar håpar eg den vil sjå bra ut også. Fordi eg har masse gode ting eg kan bruke desse lompene til om dei berre blir litt betre utsjånad og tynnare. Største feilen var nok at eg konkte potetene utan skal. Så trur eg må prøve meg på å koke dei med skal, før eg skreller og lager røra. Følg med å sjå korleis det går.
 
Prøving og feiling er det som må til for å få eit bra resultat på nye ting.
 

søndag 6. juli 2014

Pannekaker!


3 dl glutenfri kakemix frå Toro eller Semper mix
1/2 ts Salt
2 Egg
4 dl Melk/Vann

  1. Bland alt det tørre-
  2. Egg og melk piskes i.
  3. La røren stå å svelle i ca 1 time, før de stekes.
Så godt så enkelt.

lørdag 5. juli 2014

Grove rundstykker!



1 pk gjær
6 dl melk ( eg brukar laktosefri)
50 gram tine meierismør
2ss fiberhusk (flate)
1 ts salt
1 ts bakepulver
75 g hvitost
1 dl odelia olje
550-600 g mix med fiber, semper
Egg til pensling
eventuelt sesamfrø til pynt

  1. Smelt smøret, hell væsken over og varmas til 37 grader.
  2. Rør inn fiberhusk og løys opp gjæren, la stå i ca 10 min.
  3. Hell mjøl, salt og bakepulver i bakebollen, blandas lett. Tilsett væska.
  4. Ha i revet ost til slutt.
  5. La kjøkkenmaskinen gå til deigen er smidig og lett å arbeide med. ca 10 min.
  6. Forheves i ca 30 minutt.
  7. Enkel bake ut. Rullas i handa.
  8. Etterheves i 30 min.
  9. Penslas med egg og eventuelt sesamfrø, solsikke (alt etter ønske)
  10. Steikas midt i ovnen ved 250 grader i 10 minutt.

Smakar aldeles nydeleg!  Eg har ein pose oppe i 3 dagar utan att dei er tørre. Kjempe saftige.

fredag 4. juli 2014

Glutenfrie havrebrød

Fekk i går ein ny variant av havrebollar som blei havrebrød. Og dei er ein heilt klar favoritt om dagen. Kjempe gode og supert alternativ til å ete sunt samtidig som ein får brødfølelsen. Perfekt som niste, frokost og til salat. Mitt favorittbrød, godt for magen og held meg lenge mett.


Per skive:
 51 kcal  
3,2 g protein
 5,8 g karbohydrat 
1,6 g feitt.


Ca. 6 skiver 


50 g glutenfritt havremjøl (glutenfritt havregryn males til mjøl)
1-3 ss (35-75g) mager  laktosefri kesam (kan eventuelt bruke vanleg kesam)
1 egg
1 ts bakepulver
ca 1ss vann*
litt salt
*kan sløyfes

  1. Mal havregryn til havremjøl.
  2. Blandas saman. (eg brukar stavmiksar på alt) 
  3. Legges på bakepapir med sleikepott.
  4. Steikas i bakarovnen på 200 grader i 10-12 minutt på midterste rille.
  5. Skjæras opp med pizzahjul til passe store skiver.


(På bileta er oppskrifta dobbla)





tirsdag 1. juli 2014

Søtebollar!



Eg har også testa ut kringler, putta sjokolade og vanilje inni for å få litt forandring (samme deig)! :) Absolutt til å anbefale sjølv om hevinga tek tid! :)

Ca. 20 stk

250 g.  smør/margarin
6 dl   melk
50 g    gjær
1 ss  fiberhusk
2 egg ( 1 til pensling og 1 i deigen)
180 g.  sukker
1 ts  bakepulver
1 ts  kardemomme
2 pk semper glutenfri mix
1 pk piano vaniljekrem
Fremgangsmåte:
  • Smelt smøret og tilsett melk slik at væsken blir fingervarm 37 grader.
  • Løs opp gjæren i væsken.
  • Visp inn fiberhusk og la den svelle i 5-10 min.
  • Rør inn egget og alt det tørre. Tilsett litt og litt. Bruk kjøkken maskin så deigen blir eltet godt!
  • La den heve tildekket i 2-3 timer.
  • Ta deigen ut på bakebordet og kna den godt. Bruk eventuelt litt mer mel om nødvendig.
  • Del deigen i 20 emner, trill bollene runde og trykk flate.
  • Legg en ss vaniljekrem i midten og brett deigen rundt.
  • Etterheves i 25 min.
  • Pensles med egg.
  • Stekes på 220 grader i ca 10-15 min på midterste rille.
  • Avkjøl på rist!
Flotte å fryse! :)