torsdag 17. september 2015

Testing av BFree bagel..

Då har eg endeleg fått testa bagelen. Den var enormt tørr, men etter ein runde i brødristaren vart den fantastisk! Enormt god på smak og absolutt noko eg skal kose meg med i blant. 


Du finn dei i denne forpakningen. Sjølv har eg funnet den på Meny. 


tirsdag 15. september 2015

Endeleg glutenfri bagels


Endå fleire nyheiter å finne i butikk om dagen. 
Her er bagels frå BFree, funne på Meny Ringnes Park i frysedisken. Skal så absolutt testas i morgon då dei allerede er komt i hus her.

Eg som fekk cøliaki for såpass lang tid sidan har aldri smakt bagels, så gledar meg nok litt ekstra til å prøve dei.

Nok eit supert alternativ!



lørdag 12. september 2015

Heilside i Allers..

På mandag kjem utgave nr 2 frå Allers glutenfritt. Eit fantastisk blad som denne gongen består av 130 nye oppskriftar, stor bakespesial og bloggararnes favorittar.

Det er eit blad som eg verkeleg ser stor glede i og eg blei veldig glad då eg blei kontakta ved første nummeret der dei delte min blogg. Denne gongen kontakta dei meg igjen for utgave nummer to pga enormt gode tilbakemeldingar på første nummer. I dette nummeret har eg ei eiga side med ei av favorittoppskriftane til mine lesarar. Sjølv syns både eg, venner og familie at den smakar som glutenholdig. 

Utruleg kjekt å få muligheten igjen til å dele ein av mine oppskrifter gjennom allers.

Eg anbefalar deg å kjøpe dette bladet som kjem i salg på mandag.

fredag 14. august 2015

Får du gjester eller har lyst på eit enkelt alternativ?


Toro er supre på glutenfritt. Lurer du på kva som er glutenfritt i butikk hylla vil du finne det i denne online brosjyren her.

Maten blir laga på 1-2-3 og er super når ein skal ha noko enkelt til glutenfrie gjester og ikkje har så stor kunnskap f.eks. 


mandag 10. august 2015

Eit lite livstegn..

Her er det veldig stille for tida. Kor lenge det vil vare er litt usikkert. Nærmar seg termin på vesle jenta vår, i dag er det maks 8 veker til fødselen vært sett i gang. Me gledar oss veldig og er smått i gang med barnerommet. Ventar på malingen me har bestilt og kan knapt vente på resultatet! Blir så stas å begynne få orden på ting. 
På lørdag måtte eg innom apoteket å handle litt til både meg og vesla sidan det var litt rabattar. Så uvant og ny verden dette blir. Kjenner berre at det er så mykje eg ikkje har kunnskap om, men gu kor eg gledar meg.
Tida kan ikkje gå raskt nok.

Sjølv om formen har vore elendig er det ein overgang og premien vår vil så absolutt vera verdt det. 
Idag er det ny vekstkontroll. Foreløbig legg ho godt på seg og ligg godt over gjennomsnittet, noko som er veldig godt for mamman.
 

Prøvar å oppdatere resturant lista frå A-Å når eg testar nye ting sjølv om eg ikkje er så aktiv ellers.

Ønskjer alle ein strålande god glutenfri mandag :)

onsdag 17. juni 2015

Lavkarbo pizza


Til ei langpanne:
4 egg
2ss kremfløyte
1ts bakepulver
2-3 never ost
1 klype salt
2 ss olivenolje
4ss soyamel
2ss johannesbrødkjernemjøl (eg brukte ikkje johannesbrødkjernemjøl)
2 ts fiberfin/fiberhusk
oregano (etter eige ønskje)

Knus egga og tilsett fløyte og bakebulver.
Bruk kjøkkenmaskin eller visp til å blande ingrediensane.
Tilsett soyamjøl, johannesbrødkjernemjøl, fiberfin/fiberhusk, olje og revet ost. 
Ha i ønska mengde salt og eventuelt oregano.

Hell deign over på bakepapir, smør utover til passe tjukk blanding, deigen hevar seg under steiking. 

200 grader i ca 15 min, følg med så den ikkje blir brent!!

Ha på ønska fyll, ha osten over og set pizzaen tilbake i ovnen i 15 min.

Denne smeltar på tunga og er blitt min favoritt!! :)





Oppskrifta er henta frå boka: fotballfruensdagbok.


onsdag 10. juni 2015

Glutenfritt på Funky Fresh Foods, Oslo.



Funky Fresh Foods finn du på DOGA nede ved Akerselva i Oslo. Det er eit vegansk og raw kjøkkenskonsept som blei starta i 2009.  Her finn du gode glutenfrie og sukkerfrie kaker. Bl.a milkshake, coco crunch, cafè kake ++ 
Favoritt kaka mi ser du avbilda over (cafè kake). Den er heilt fantastisk og har dei den ikkje i disken spør eg alltid om å få kjøpt den frossen slik at eg kan ta den med heim til frysaren. 

Så no er frysen fylt opp med litt raw kaker. 


tirsdag 9. juni 2015

Baker Hansen på Sandvika Storsenter

Eg var ein tur på sandvika senteret med flotte damer ein dag.
Hadde for lita tid i morgon kaoset og rakk ikkje lage med meg lunsj.


Baker hansen på Sandvika Storsenter har virkeleg kunnskap om glutenfritt! 
Dette rundstykke lukta godt, var ferskt(nyvarma), saftigt, lavkarbo og smelta på tunga! Det lyste glede av meg, eg storkosa meg med det!! 

Det var berre det beste eg har smakt av brødmat ute. All ære til dei!!
Heilt spesiell følelse.
 Før eg forlot senteret måtte eg innom å kommentre det, for dette var verkeleg fantastisk!! Dei vart litt paffe over den gode tilbakemeldinga, men det er så viktig skryte når noko er så bra. Folk rundt glisa der inne. Så det var rimeleg tydeleg at eg var fornøgd.
Så er du der, ta turen innom Baker Hansen og et trygg fersk brødmat! 

Må berre sei at eg likar utviklinga på glutenfritt. Ein sunnare variant og til og med god brødmat på bakeri. Det skjer mykje på den glutenfrie fronten for tida. Gledeleg!






Baker hansen over alt har no fått glutenfri fersk gjærbakst, kaniljebollar, kaker og påsmurt. Dette har dei ferskt frå mandag- lørdag.





lørdag 6. juni 2015

Protein kakao..

Sidan eg publiserte bilete av proteinkakao, har eg fått ein del henvendelsar frå lesarar.
Så her kjem oppskrifta på proteinkakaoen som er min favoritt!

Må sei eg saknar denne veldig nå som eg er gravid og held meg heilt unda alt av proteinerstatningar. Gledar meg til å smake denne igjen når vesla er ute.

30g sjokolade proteinpulver
2-3 dl vann
stevia sjokolade*
Stevia karamell*

*kan sløyfes

Kok opp vann, tilsett proteinpulver. Benytt stavmiksar for å fjerne klumpar. Tilsett ønska smak ved behov, smak deg til. 

Minner meg om kakao! Byttar du ut halvparten av vatnet med kaffi får du mocca. Alt etter stevia smak får du ulik kaffi! 

Fantastisk og unik i kvardagen. 

Proteinpulveret eg brukar er tommi nutrition. Er veldig godt på smak og godt samansatt!



mandag 1. juni 2015

Frøken Holms kan glutenfritt & lavkarbo..

Frøken Holms i Sarpsborg. 
Kom inn i ein koseleg atmosfære, triveleg personale og god service.
Caroline har skrytt enormt over dei og mine forventningar var høge då eg besøkte dei.



Dama bak disken kunne fortelje at her var det mykje glutenfritt og lavkarbo. 
Så det å kunne kose seg på kafè med god samvittighet er sjeldan.

Det blei kaffe i desse sjarmerande koppane. 
Var enormt gjennomført og koseleg her.

Nydeleg glutenfri lavkarbo smørbrød med MASSE pålegg. Heilt fantastisk. 
Naut kvart bet, smelta på tunga. 
AH!! Supersaftigt og heilt fantastisk!!


Denne sjokoladekaka var også lavkarbo og glutenfri og var heilt eineståande, fyldig og god på smak. 

Lavkarbo kakao med chilli smak, sterk og fyldig på smak. 

Eg måtte sjølvsagt kjøpa med meg litt skattar heim. Var jo så mett på ein god måte, ikkje gluten dårleg men heilt topp i formen! Det er også sjeldan når ein er på kafè!! 

Her åt eg lavkarbo med GOD samvittighet!! 

Dette er det beste måltidet eg har hatt sidan eg fekk cøliaki.
Eg blei kjempe overraska over kor fantastisk konsept denne dama har og dette var langt over mine høge forventningar. 

Beundrar det ho har fått til, her var det mykje folk, prisane var fine og maten smakte EINESTÅANDE!!

Her kjem eg lett igjen, no er håpet å få tak i brøda med jamne mellomrom! 
Denne kafèen har fått stempelet FAVORITT KAFÈEN MIN!
Berre så utruleg synd den er så langt unna...

Ho har no flytta lokale og eg gledar meg til den åpnar.

Anbefalas på det STERKASTE!!











torsdag 28. mai 2015

Yayas

Var på yayas på Aker Brygge for litt tid tilbake. Her er det informasjon om kva som er glutenfritt i menyen og servicen er veldig bra. 


1329818
Om du har lyst på litt thai mat, anbefalar eg yayas på det sterkaste :)

Link til yayas finn du her.


onsdag 27. mai 2015

Lyse rundstykker!



Måtte teste ny oppskrift og fann fram nødvendige bakevarer for å komme igang! :)
Denne går fint til pølsebrød, hamburgere og fine rundstykker.
Oppskrifta er veldig stor,så eg halverte deigen sidan eg var usikker på deigen og den halverte oppskrifta vart slik som den under! :)
0,5 l melk
1 pk gjær
1,5 ss fiberhusk
2 ss smør
3/4 ss sukker
1 egg
90 gr jyttemel
1 liter og 2,5 dl semper glutenfri mix (kan også bruke berre finax fin mix uten jyttemel)
  • Varm melken til den er fingervarm og løs opp gjæren.
  • Visp inn fiberhusk og sukker. La det svelle ca 10 min.
  • Bland alt sammen i en kjøkkenmaskin.
  • Ikke ta i alt melet på en gang. Elt og ta i mel etter hvert som deigen løsner fra bakebollen.
  • Sett deigen et lunt sted til heving. Ca 30 min
Akkurat som å jobbe med silke. Enkel og jobbe med! :)

Slik vart tundstykka og pølsebrøda før eg satte dei til heving! :)

                  
  • Etterheves på brett i ca 30 min og pensles med egg.
Stekes midt  i ovnen ved 200 grader i 20-25 min.

Her er det ferdige resultate av supergode bollar! :)

Namnam! :)

Saftige og gode, ser jo ikkje glutenfrie ut ein gong! :)

Ferske bollar med ost & paprika.

mandag 25. mai 2015

Fantastiske glutenfrie vafler!


2 stk egg
2 ss sukker
200-300 gr. semper mix
1 ts vaniljesukker
0,5 ts bakepulver (det brukar ikkje eg)
5 dl melk
3,5 ss smør (melange)
Kardemomme (eg brukar 1/3 ts -1/2 ts, smak deg til! :)

Vispes og blandes sammen! :)
Smakar supert!


fredag 22. mai 2015

Fantastisk gode glutenfrie sveler!

Dette må vere dei beste svelene eg har smakt sidan eg fekk cøliaki.


3 1/2 dl kulturmelk
1 egg
1 dl sukker
3  dl Toro kakemiks
 3 dl semper rød mix
1 ts salt
1 ts natron
smør til steking

TIPS: I den egentlege oppskrifta står det att du skal bruke enten toro kakemix eller semper mix. Eg brukar begge( som oppskrifta over). Deigen vært veldig seig så eg brukar faktisk spiseskei for å få dei utover! :)
 Men svelene blir mykje enklare jobbe med, betre og luftigare om du brukar begge.

Visp sammen kulturmelk, egg og sukker. 
Tilsett alt det tørre og bland til en passe røre.
Stekes på takke eller stekepanne med litt smør.
Deigen er klinete, så vær tolmodig!
 For det er verdt strevet til slutt!!! ;))))


Her med rømme og blåbær syltetøy!!
*smelt*




Oppskrifta er henta frå glutenfrie perler :)

torsdag 21. mai 2015

Sjokolade terte med sjokolade krem!




Sjokoladeterte:
250 gr malte mandler
250 gr melis
5 egg
2 ss kakao
Mal mandler
Blandes med melis

Tilsett kakao

Bland inn eggene.

Røres sammen

Ha's i rund 24 cm kakeform.

Stekes på 175 grader, nederste rille, 35-40 min.


Sjokoladekrem:
150 gr romtemp. margarin
300 gr melis (4,5 dl)
3 ss kakao
3 ts vaniljesukker
6 ss sterk kaffe


Blandes, piskes godt.

Lykke til!

P.s skal den være helt melkefri, så husk å bruke margarin uten melk:-)

Oppskriften har eg fått av Ingrid og er super enkel lage!

onsdag 20. mai 2015

Verdens beste glutenfrie ostekake!



Ingrediensar

-          Til kakebotn
o   70 gram smelta smør (tine meieri smør)
o   225 gram glutenfrie Digestive kjekts

-          Til fyll
o   1 pakke gele (eg brukar sitron, men dette er valgfritt)
o   1 pakke kremfløyte
o   1 pakke Philadelfia naturel ost
o   1 pakke med lettrømme
o   1 ts vanlijesukker
o   50 gram sukker               

-          Til pynt
o   1 pakke gele
o   Frukt/sjokolade etter ønskje

Framgangsmåte

Knus Digestive ved å legge dei i ein brødpose (av plastikk).  Eg pleier bruke stavmikser. Legg dei knuste Digestive kjeksa i ei rund form og bland inn det smelta smøret med hendene. Set den i kjøleskapet medan du lager fyllet.
Bland 1 pakke gele med ½ mengde kokande vatn av det som står på gelepakken, la det avkjølast. Pisk kremfløyte og sukker, ta i vaniljesukker. Bland opp i osten, rømmen og gelen. Rør godt, ta opp i den avkjølte gelen, og la det deretter avkjøles (må nok stå nokre timar).
Bland 1 pakke gele med ½ mengde kokande vatn av det som står på gelepakken, la det avkjølast, og legg det over kaka.
Fantastisk god! :)

tirsdag 19. mai 2015

Glutenfritt på Grand Cafè i Oslo.

Då har eg testa ut glutenfritt på Grand Cafè.

Eg bestilte indrefilet av Ur-Fe fra Snåsa med stekte aspargesbønner, soltørkede tomater. Servert med Madeirasaus og fløtegratinerte poteter.

Dette var nydeleg å smelta på tunga :) 
Ingen endringar ut frå menyen ettersom denne retten var HEILT glutenfri :) 




Dessert utvalget var svært dårleg men fekk sorbet is med jordbær. 
Heilt nydeleg på smak. 
Men her var eg heldigvis OBS for det var lagt smuldra kjeks på isen, eg hadde ein følelse på at dette ikkje var heilt glutenfritt noko som stemte.
 Fekk då ny og alt gjekk fint :) 

Så av erfaring, bedre å spørje ein gong for mykje enn ein for lite:)

Supert måltid som anbefalast :)

mandag 18. mai 2015

Nytt glutenfritt blad frå Allers i salg NO!

Allers kom i dag ut med det fantastiske bladet Allers glutenfritt.

 Her er det bl.a 108 fantastiske oppskrifter. 
Veldig kjekt for oss med cøliaki å kunne kjøpe eit slikt blad i matbutikk. Det er enormt fokus på glutenfritt for tida, noko som gjer at alle stort sett veit kva det er og det blir mykje enklare leva med cøliaki. 
 I dette bladet anbefalar allers også bloggen min som ein av dei glutenfrie bloggane. 
 Veldig kjekt! 

Bladet vil vera i salg fram til veke 27 og er eit blad eg anbefalar alle å sjekke ut.