onsdag 17. juni 2015

Lavkarbo pizza


Til ei langpanne:
4 egg
2ss kremfløyte
1ts bakepulver
2-3 never ost
1 klype salt
2 ss olivenolje
4ss soyamel
2ss johannesbrødkjernemjøl (eg brukte ikkje johannesbrødkjernemjøl)
2 ts fiberfin/fiberhusk
oregano (etter eige ønskje)

Knus egga og tilsett fløyte og bakebulver.
Bruk kjøkkenmaskin eller visp til å blande ingrediensane.
Tilsett soyamjøl, johannesbrødkjernemjøl, fiberfin/fiberhusk, olje og revet ost. 
Ha i ønska mengde salt og eventuelt oregano.

Hell deign over på bakepapir, smør utover til passe tjukk blanding, deigen hevar seg under steiking. 

200 grader i ca 15 min, følg med så den ikkje blir brent!!

Ha på ønska fyll, ha osten over og set pizzaen tilbake i ovnen i 15 min.

Denne smeltar på tunga og er blitt min favoritt!! :)





Oppskrifta er henta frå boka: fotballfruensdagbok.


onsdag 10. juni 2015

Glutenfritt på Funky Fresh Foods, Oslo.



Funky Fresh Foods finn du på DOGA nede ved Akerselva i Oslo. Det er eit vegansk og raw kjøkkenskonsept som blei starta i 2009.  Her finn du gode glutenfrie og sukkerfrie kaker. Bl.a milkshake, coco crunch, cafè kake ++ 
Favoritt kaka mi ser du avbilda over (cafè kake). Den er heilt fantastisk og har dei den ikkje i disken spør eg alltid om å få kjøpt den frossen slik at eg kan ta den med heim til frysaren. 

Så no er frysen fylt opp med litt raw kaker. 


tirsdag 9. juni 2015

Baker Hansen på Sandvika Storsenter

Eg var ein tur på sandvika senteret med flotte damer ein dag.
Hadde for lita tid i morgon kaoset og rakk ikkje lage med meg lunsj.


Baker hansen på Sandvika Storsenter har virkeleg kunnskap om glutenfritt! 
Dette rundstykke lukta godt, var ferskt(nyvarma), saftigt, lavkarbo og smelta på tunga! Det lyste glede av meg, eg storkosa meg med det!! 

Det var berre det beste eg har smakt av brødmat ute. All ære til dei!!
Heilt spesiell følelse.
 Før eg forlot senteret måtte eg innom å kommentre det, for dette var verkeleg fantastisk!! Dei vart litt paffe over den gode tilbakemeldinga, men det er så viktig skryte når noko er så bra. Folk rundt glisa der inne. Så det var rimeleg tydeleg at eg var fornøgd.
Så er du der, ta turen innom Baker Hansen og et trygg fersk brødmat! 

Må berre sei at eg likar utviklinga på glutenfritt. Ein sunnare variant og til og med god brødmat på bakeri. Det skjer mykje på den glutenfrie fronten for tida. Gledeleg!






Baker hansen over alt har no fått glutenfri fersk gjærbakst, kaniljebollar, kaker og påsmurt. Dette har dei ferskt frå mandag- lørdag.





lørdag 6. juni 2015

Protein kakao..

Sidan eg publiserte bilete av proteinkakao, har eg fått ein del henvendelsar frå lesarar.
Så her kjem oppskrifta på proteinkakaoen som er min favoritt!

Må sei eg saknar denne veldig nå som eg er gravid og held meg heilt unda alt av proteinerstatningar. Gledar meg til å smake denne igjen når vesla er ute.

30g sjokolade proteinpulver
2-3 dl vann
stevia sjokolade*
Stevia karamell*

*kan sløyfes

Kok opp vann, tilsett proteinpulver. Benytt stavmiksar for å fjerne klumpar. Tilsett ønska smak ved behov, smak deg til. 

Minner meg om kakao! Byttar du ut halvparten av vatnet med kaffi får du mocca. Alt etter stevia smak får du ulik kaffi! 

Fantastisk og unik i kvardagen. 

Proteinpulveret eg brukar er tommi nutrition. Er veldig godt på smak og godt samansatt!



mandag 1. juni 2015

Frøken Holms kan glutenfritt & lavkarbo..

Frøken Holms i Sarpsborg. 
Kom inn i ein koseleg atmosfære, triveleg personale og god service.
Caroline har skrytt enormt over dei og mine forventningar var høge då eg besøkte dei.



Dama bak disken kunne fortelje at her var det mykje glutenfritt og lavkarbo. 
Så det å kunne kose seg på kafè med god samvittighet er sjeldan.

Det blei kaffe i desse sjarmerande koppane. 
Var enormt gjennomført og koseleg her.

Nydeleg glutenfri lavkarbo smørbrød med MASSE pålegg. Heilt fantastisk. 
Naut kvart bet, smelta på tunga. 
AH!! Supersaftigt og heilt fantastisk!!


Denne sjokoladekaka var også lavkarbo og glutenfri og var heilt eineståande, fyldig og god på smak. 

Lavkarbo kakao med chilli smak, sterk og fyldig på smak. 

Eg måtte sjølvsagt kjøpa med meg litt skattar heim. Var jo så mett på ein god måte, ikkje gluten dårleg men heilt topp i formen! Det er også sjeldan når ein er på kafè!! 

Her åt eg lavkarbo med GOD samvittighet!! 

Dette er det beste måltidet eg har hatt sidan eg fekk cøliaki.
Eg blei kjempe overraska over kor fantastisk konsept denne dama har og dette var langt over mine høge forventningar. 

Beundrar det ho har fått til, her var det mykje folk, prisane var fine og maten smakte EINESTÅANDE!!

Her kjem eg lett igjen, no er håpet å få tak i brøda med jamne mellomrom! 
Denne kafèen har fått stempelet FAVORITT KAFÈEN MIN!
Berre så utruleg synd den er så langt unna...

Ho har no flytta lokale og eg gledar meg til den åpnar.

Anbefalas på det STERKASTE!!