torsdag 17. september 2015

Testing av BFree bagel..

Då har eg endeleg fått testa bagelen. Den var enormt tørr, men etter ein runde i brødristaren vart den fantastisk! Enormt god på smak og absolutt noko eg skal kose meg med i blant. 


Du finn dei i denne forpakningen. Sjølv har eg funnet den på Meny. 


tirsdag 15. september 2015

Endeleg glutenfri bagels


Endå fleire nyheiter å finne i butikk om dagen. 
Her er bagels frå BFree, funne på Meny Ringnes Park i frysedisken. Skal så absolutt testas i morgon då dei allerede er komt i hus her.

Eg som fekk cøliaki for såpass lang tid sidan har aldri smakt bagels, så gledar meg nok litt ekstra til å prøve dei.

Nok eit supert alternativ!



lørdag 12. september 2015

Heilside i Allers..

På mandag kjem utgave nr 2 frå Allers glutenfritt. Eit fantastisk blad som denne gongen består av 130 nye oppskriftar, stor bakespesial og bloggararnes favorittar.

Det er eit blad som eg verkeleg ser stor glede i og eg blei veldig glad då eg blei kontakta ved første nummeret der dei delte min blogg. Denne gongen kontakta dei meg igjen for utgave nummer to pga enormt gode tilbakemeldingar på første nummer. I dette nummeret har eg ei eiga side med ei av favorittoppskriftane til mine lesarar. Sjølv syns både eg, venner og familie at den smakar som glutenholdig. 

Utruleg kjekt å få muligheten igjen til å dele ein av mine oppskrifter gjennom allers.

Eg anbefalar deg å kjøpe dette bladet som kjem i salg på mandag.