søndag 1. mai 2016

Endeleg kom den.

Etter mange år med cøliaki kom endeleg den beste leverposteien glutenfri. Den er akkurat slik eg hugsa den, kan ikkje kjenne smaksforskjell. Så utruleg kjekt med glutenfritt alternativ. Eg fant denne saman med andre glutefrie varer i allergi hylla på kiwi her.
Anbefalas på det sterkaste.


lørdag 30. april 2016

Sjokket har fortsatt ikkje lagt seg.



 Den siste veka har eg gått tilbake til normalt kosthold sidan mi lille frøken aldri blei heilt bra uansett kor mykje eg kutta. Eg har gjort alt eg kunne, men likvel var ho prega av mykje kløe og ubehag. Sjølv om det sat langt inne slutta eg sist helg å amme. Har fått ei heilt ny jente utan problem hud og ekstrem kløe. Noko som for mi jente blei det beste.

Derfor er eg no tilbake på mat med melk. Så fantastisk etterlengta. 

I dag var eg innom coop mega. Måtte sjekke innholdsfortegnelsen i håp om glutenfri kake. Sjokket har fortsatt ikkje lagt seg. Desse to var glutenfrie (inneheld hvetestivelse)!!!!! For ein fantastisk glede. Dei var kjempe gode. Genialt når ein skal i selskap eller treng ha med glutenfritt kake alternativ. 

Coop har blitt utruleg flinke på glutenfritt. Hurra! God laurdag.







mandag 25. april 2016

Opland burger og steak..

I helga testa me ut Opland Burger og steak for andre gong. Sist blei det indrefilet medan det denne gongen blei hamburgar. Dei er flinke på glutenfritt og har god kunnskap. Du får glutenfritt hamburgarbrød, glutenfritt tilbehøyr og eigen merka glutenfri dessert. Til tross for god kunnskap er nok ikkje dette min favoritt restaurant sjølv om den ligg perfekt plassert på østbanehallen i andre etasje.


torsdag 14. april 2016

Nok ein gong kjem denne bloggen i allers, glutenfritt..

Utruleg kjekt at eg nok ein gong er spurt om å dele ei oppskrift i allers. Denne gongen valgte eg ei sunnare sjølvprodusert oppskrift.

Resultatet ser du avbilda. Du må kjøpe Allers glutenfritt for å få oppskrifta sidan den ikkje har vore publisert tidlegare. 

Oppskrifta er både gluten og melkefri.




#sponsa #glutenfri #melkefri